Pink Floyd The Wall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pink Floyd The Wall er ein film av den britiske filmregissøren Alan Parker frå 1982, basert på Pink Floyd-albumet The Wall frå 1979. Manuset var skrive av Pink Floyd sin vokalist og bassist Roger Waters. Sjølv om Waters tenkte på seg sjølv i hovudrolla, vart det til slutt Bob Geldof som fekk den jobben. Hovudrolla i filmen heitte Pink og var laust basert på livssoga til både Waters og den tidlegare frontfiguren i Pink Floyd, Syd Barrett. Filmen har òg Kevin McKeon i rolla som ein ung Pink, og Bob Hoskins og Joanne Whalley i små roller.

Filmen er svært metaforisk med mange symbolske bilete og lydar. Det er svært lite dialog i filmen og han har ei ikkje-lineær historie, som berre vert bore fram av tekstane i Pink Floyd sin musikk. Enkelte ser på filmen som ein einaste lang musikkvideo for heile albumet. Dei einaste songane på albumet som ikkje er med i filmen er «Hey You» (sjølv om det vart laga klipp som skulle brukast under filmen og råopptak finst som bonusmateriale på DVD-utgåva) og «The Show Must Go On».

Spreidd rundt i filmen finn ein femten minutt med utførlege animasjonssekvensar av den politiske karikaturteiknaren og illustratøren Gerald Scarfe, som spela ei sentral ei sentral rolle i den generelle estetikken til filmen. Animasjonssekvensane skildrar dristige og marerittaktige syn på krig, særleg skildringa av den tyske bombinga av England under Andre verdskrig, som følgjer songen «Goodbye Blue Sky».

Roger Waters har uttrykt at han var misnøgd med sluttresultatet av filmen, og skal ha vore ueinig med regissør Alan Parker under filminga, som sjølv låg ned arbeidet fleire gonger på grunn av konfliktar mellom han og Waters. Sjølv om Waters ikkje var nøgd, vert filmen sett på som ei verdig tolking av Pink Floyd-albumet av mange tilhengjarar, og ein god film i seg sjølv. David Gilmour har sagt at det var under produksjonen av filmen striden mellom han og Waters starta, og han har òg sagt at filmen var den dårlegaste forteljinga av historia samanlikna med album- og konsertversjonane.

Handlingssamandrag[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Pink Floyd The Wall skildrar bygginga og til slutt nedrivinga av ein metaforisk mur. Sjølv om filmen kan tolkast på mange måtar, gjenspeglar muren i seg sjølv ein slags isolasjon eller framandgjering. Pink, som er den sørgjelege helten i filmen, vert skildra i forskjellige fysiske og mentale stadium. Først møter vi Pink som ein ung, engelsk gut, som veks opp tidleg på 1950-talet. Den unge Pink er sterkt påverka av at faren døydde under Andre verdskrig og har eit usunt forhold til den nevrotiske mora si (som kveler han med omsorg og ignorerer han). Etter kvart som åra går vert han ei suksessrik rockestjerne i USA, men er framleis mentalt forvirra og desillusjonert. Pink giftar seg seint på 60-talet (som ein kan sjå ut frå kleda personane i bryllaupet har på seg), men med åra veks han og kona stadig lenger og lenger frå kvarandre. Pink konsentrerer seg om musikken sin, medan kona vert involvert i gruppe mot atomvåpen. Ho innleiar til slutt eit kjærleiksforhold til leiaren av gruppa, medan Pink er på turné.

Etter at Pink finn ut om forholdet hennar bryt han saman på eit hotellrom i Los Angeles. Han barberar av alle kroppshår (slik som Syd Barrett hadde gjort då han dukka opp under innspelinga av Wish You Were Here) og lukkar seg heilt inne. Ein lækjar vert sendt inn til han og gjev han ei sprøyte. Sprøyta får Pink til å hallusinere på konserten sin der han får eit slag av stormannsgalskap. Han trur han har vorte leiar av ei valdeleg og rasistisk hatgruppe, som har stor likskap til moderne nynazistgjengar. Melodien i «In the Flesh» vert gjenskapt som ein militær marsj med ein fanfare og kyrkjeorgel med wagnerske overtonar. Konsertane hans har vorte samlingar der Pink hysterisk peiker ut minoritetar i publikum og oppmuntrar sine trufaste tilhengjarar om å «setje dei opp langs muren». Etter kvart som hallusinasjonane vert verre og verre og til slutt hamnar ut av kontroll, kjempar samvitet til slutt imot.

I den siste sekvensen må Pink opp i ein bisarr sjølvutnemnd domstol, som vert vist som ein animasjonssekvens med musikk i same stil som musikalane Berthold Brecht og Kurt Weil laga. Denne delen av filmen er eit tydeleg symbol på sinnstilstanden til Pink. Mange meiner at denne rettsalsscena liknar den klimatiske rettsalsscena i Alice i Eventyrland. Dommaren (som er animert som to svære rumpeballar med ein britisk advokatparykk, som snakkar ut av anus) dømer Pink til å vise seg for sine likemenn og gjev han ordre om å rive ned muren, etter å ha høyrd Pink si mor, skulelæraren og kona hans uttale seg.

Dokumentar[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein dokumentar, kalla The Other Side of the Wall som viste produksjonen av filmen. Denne inneheld intervju med Parker, Scarfe og klipp av Waters. Dokumentaren vart først vist på MTV i 1982. Ein annan dokumentar vart laga i 1999 med tittelen Retrospective, og denne inneheld intervju med Waters, Parker, Scarfe og andre personar i filmen sitt produksjonsmannskap. Begge dokumentarane er ekstramateriell på DVD-utgåva av filmen.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Filmen gjekk inn på 28. plass over dei mest sette filmane i Storbritannia og spelte inn om lag 450 000 den første helga, trass i at den berre vart vist i ein kinosal. Det er eit sjeldan kunststykke sjølv etter dagens standard. Filmen vart den tredje mest sette filmen veka etter før den haldt seg to månadar rundt 20.-30. plass.
  • Filmen skulle opphavleg innehalde klipp av bandet som spelte i Earls Court i London i lag med Gerald Scarfe sine animasjonar, men Alan Parker ville ikkje ha dette med.
  • I følgje DVD-dokumentaren var årsaka til at Waters ikkje ville spele rolla som Pink hans dårlege skodespelareigenskapar.
  • Det finst eit delvis ubevisst klipp i episoden med det blodfylte bassenget. Bilete av soldaten/faren vert eit raskt augneblikk bytta ut med det skrikande andletet frå Scarfe sin filmplakat.
  • Ein kan sjå Waters i ei lita rolle under bryllaupscena mellom Pink og kona. Like etter Pink kysser kona, kan ein sjå Waters til høgre på skjermen med ein raud frakk på seg, og under neste scene då fotografen tar bilete av dei er han lengst til venstre. I enkelte versjonar av filmen er Waters klippa ut frå desse scenane.
  • Under scenen der Pink finn faren sin saker under «When the Tigers Broke Free», ser han mellom anna på eit papir der ein kan sjå at namnet til faren er J.A. Pinkerton. Dermed kan ein tenkje seg at det verkelege namnet til Pink er Floyd Pinkerton. Men under scenen der Pink prøver å ringje kona si, kan ein høyre «... call to Mrs Floyd from Mr Floyd ...», så Pink Floyd er sannsynlegvis i det minste scenenamnet hans.
  • Under ein kort pause i «The Happiest Days of Our Lives» tar læraren til Pink frå han eit papir og les det til heile klassen. Det viser seg å vere eit dikt som er ei blanding av det første og andre verset frå songen «Money» frå The Dark Side of the Moon.
  • Under filminga av «One of My Turns», der hotelrommet vert rasert, skadar faktisk Bob Geldof handa si, men stoppar likevel ikkje opp. Ein kan sjå i filmen at Geldof eit kort augneblink stoppar opp og ser på handa si før han held fram. I resten av scenen har han eit tøystykke vikla om handa si, men det var ikkje handa som karakteren skadar i slutten av scenen då han skjer seg på ein glasbit.
  • I scenen der hotellrommet vert rasert visste ikkje skodespelaren som spelte den unge kvinnelege tilhengjaren at Geldof skulle kaste ei vinflaske mot ho. Derfor er reaksjonen hennar ekte då ho dukkar like før den knuser inn i veggen.
  • Musikkvideoen til Muse sin video «Hysteria» inneheld svært mange referansar til filmen, og særleg scenane der hotellrommet vert rasert.
  • Under scenane der Pink vert ein skinheadleiar, vart det brukt ekte nynazistar i filmklippa av opptøyane. Regissør Parker fekk det vanskeleg å stoppe dei under valdsscenane i filmen, og enkelte av dei hadde barbert inn symbolet med dei kryssa hamrane i hovudet sitt. I dag har ei rasistgruppe med namn Hammerskins kalla seg opp etter desse nynazistane i filmen.
  • Under scenen då Pink sitt i ein bås på eit toalett og les frå diktboka si like før songen «Stop» seier han: «Do you remember me? How we used to be? Do you think we should be closer?«, som er teksten frå «Your Possible Pasts» frå albumet The Final Cut, som kom eit år etter filmen. Etter ein kort pause seier han vidare: «And I reached out my hand, just to touch your soft hair; to make sure in the darkness, that you were still there; and I have to admit, I just was a little afraid...» Dette er tekstlinjer frå songen «5:11 AM (The Moment of Clarity)», som ein finn på Waters sitt soloalbum The Pros and Cons of Hitch Hiking, som kom ut to år etter filmen.
  • Krigsfilmen som Pink ser på hotellrommet er ein klassisk krigsfilm om Andre verdskrig kalla The Dambusters frå 1954.
  • Filmen inneheld ikkje meldingane ein finn i starten og slutten av albumet der ein kan høyre Waters seie «...we came in» heilt i byrjinga og «Isn't this where...» heilt på slutten. På DVD-utgåva kan ein derimot på kommentatorlydsporet høyre «Isn't this where we came in?» etter at rulleteksten er ferdig.
  • Under Comfortably Numb-sekvensen med Bob Hoskins (som spelar Pink sin manager) kan ein sjå komponisten og dirigenten Michael Kamen som dirigerer fanfaren før den «fascistiske» versjonen av In the Flesh.
  • Songen som vert spelt då den unge Pink tenkjer på dødsfallet til faren er «When the Tigers Broke Free», den einaste songen som ikkje var med på albumet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • The Wall for fleire detaljar om historia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey