Pink Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pink Moon
Studioalbum av Nick Drake
Utgjeve 25. februar 1972
Innspelt oktober 1971
Sjanger Folk
Lengd 28:22
Selskap Island Records
Produsent John Wood
Nick Drake-kronologi
Bryter Layter (1970) Pink Moon

Pink Moon var det tredje og siste albumet av den britiske musikaren Nick Drake. Det blei spelt inn ved midnatt over to dagar i oktober 1971. Alle songane på albumet var solosongar av Drake, bortsett frå ein liten piano-overdub på tittelsongen.

Illustrasjonen på plateomslaget er laga av Michael Trevithick.

Då albumet kom ut fekk det berre eit par gode meldingar, men etter at Drake døydde har albumet fått mange gode kritikkar. Albumet er meir dystert enn dei to andre albuma, men blir likevel av mange sett på som det beste albumet hans.

I 2003 kom albumet på 320. plass då magasinet Rolling Stone kåra dei 500 beste albuma nokonsinne.

Tittelsongen blei brukt i ein reklame for bilmerket Volkswagen som gjekk i USA i 2000.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne og spelte av Nick Drake.

  1. «Pink Moon» – 2:06
  2. «Place to Be» – 2:43
  3. «Road» – 2:02
  4. «Which Will» – 2:58
  5. «Horn» – 1:23
  6. «Things Behind the Sun» – 3:57
  7. «Know» – 2:26
  8. «Parasite» – 3:36
  9. «Free Ride» – 3:06
  10. «Harvest Breed» – 1:37
  11. «From the Morning» – 2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nick Drake
Album: Five Leaves Left | Bryter Layter | Pink Moon |
Samlealbum: Fruit Tree | Time of No Reply | Way to Blue | Made to Love Magic | Family Tree
Relaterte personar: Joe Boyd | Gabrielle Drake | Robert Kirby | John Wood