Pinnekjøt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferdig pinnekjøt i gryte

Pinnekjøt eller pinnekjøtt er ein matrett av salta og tørka lamme- eller fåreribbe som så blir utvatna natta over (eller lengre, avhengig av kor tørt/salt kjøtet er) og dampkoka på kvistar av bjørk eller eine, eller på ei metallrist. I somme delar av landet røykjer ein også lamme- eller sauesida før ho vert tørka. Ein serverer gjerne pinnekjøt saman med kålrabistappe, poteter og flatbrød. På Vestlandet er pinnekjøt ein av dei mest tradisjonelle julemiddagsrettenejulaftan. Somme stader på Vestlandet er det vanleg at pinnekjøtet vert glasert.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

  • Nokre lagar pinnekjøt av rein eller hjort i staden for får.
  • Ein kan òg dampkoka kjøtet i øl eller cola, men dette er så sjeldant at det må reknast som eksperimentelt.
  • I mange familiar serverer ein matretter frå meir enn éin tradisjon til julemiddag. Da serverer ein gjerne pinnekjøtet saman med t.d. svineribbe (med tilbehøyr som surkål og raudkål) eller raspeballar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.