Pioneer 10

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunstnarisk framstilling av Pioneer 10

Pioneer 10 var det første romsonden som har blitt sendt gjennom asteroidebeltet. Det var og det første romfartøyet til å direkte observere planeten Jupiter. Den vart skoten opp den 2. mars 1972 frå Cape Canaveral Air Force Station Launch Complex 36A

Interstellar ferd[endre | endre wikiteksten]

Avstand frå Jorda[endre | endre wikiteksten]

Fram til den 17. februar 1998 var Pioneer 10 det fjernaste objektet laga av menneska. Denne datoen tok derimot Voyager 1 over den rolla. Den 1. februar 2003 var Pioneer 10 heile 82,19 astronomisk einingar eller 12,30 milliardar kilometer frå Sola.

Sporing[endre | endre wikiteksten]

Det siste signalet frå Pioneer 10 vart fanga opp av Jet Propulsion Laboratory sitt Deep Space Network 23. januar 2003[1]. Dei tre siste lytteforsøka - 14. juli 2002, 5. desember 2002 og altså 22.-23. januar 2003 - kunne ein på Jorda berre så vidt registrere eit særs svakt signal i radioantennene. Signala ein mottok var reine berebølgjer, utan noko telemetri. Siste gong NASA nokon gong tok imot telemetri og data frå sonden, var den 27. april 2002. Det er ingen planar om å gjere nye forsøk på å oppnå kontakt med Pioneer 10.

Pioneer 10 er no på veg mot stjerna Aldebaran i konstellasjonen Tyren. Det vil ta 2 millionar år å komme dit.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]