Piotr Małachowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piotr Małachowski


Statsborgarskap Polen
Fødd 7. juni 1983 (40 år)
Żuromin
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – Diskoskast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast menn

Utmerkingar

Medaljen for fortjenester av landets forsvar i gull, ridder av ordenen Polonia Restituta, offiser av Ordenen Polonia Restituta, Fortjenstkorset i gull

Piotr Małachowski (fødd 7. juni 1983) er ein polsk diskoskastar frå Żuromin. Han har ein personleg rekord på 69,83 meter (Storbritannia, juli 2010).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Piotr Małachowski vann sølv under U23-europameisterskap i 2005 som sin fyrste internasjonale medalje. Han deltok under EM i friidrett 2006 i Göteborg og VM i friidrett 2007 i Osaka men kasta ikkje langt nok til å få medalje i desse meisterskapa.

Małachowski OL-debuterte under sommar-OL 2008 i Beijing. Her kasta han seg til sølvmedaljen med eit kast på 67,82. Gullet gjekk den gongen til estiske Gerd Kanter, og bronsen fekk Virgilijus Alekna frå Litauen.

Under VM i friidrett 2009 i Berlin sette Piotr Małachowski ny polsk rekord med 69,15. Tyske Robert Harting kasta likevel lengre på sitt siste forsøk, og Małachowski fekk VM-sølv. Men under EM i friidrett 2010 i Barcelona tok Małachowski revansje. Her kasta han 68,87 og vart europameister framfor Robert Harting og ungararen Róbert Fazekas.

Piotr Małachowski deltok også under sommar-OL 2012, men enda her på ein femteplass.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]