Pipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pipa

KlassifiseringEast Asian necked lute, klimpreinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-5

Pipa (kinesisk skrift 琵琶; pinyin pípá) er eit klimpreinstrument innan den klassiske kinesiske musikken.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Cheng Yu med sin pipa

I utsjånad og oppbygging liknar instrumentet på oud/barbat frå Midtausten og lutt frå Europa. Han har likevel ei klarare pæreforma-oval form på kroppen, og er òg vesentleg flatare enn ein lutt. Som regel blir instrumentet laga den av mahogni, sandel eller anna edeltre; det kan òg lagast av billegare treslag. Etter ei vekslande historisk utvikling er den moderne pipaen blitt eit instrument som vanlegvis har fire stålstrenger, stemt A-E-D-A, og med 24-30 tverrband.

Ein bruker to teknikkar for å få fram lyden. Det kinesiske namnet på instrumentet kjem av desse to måtane. Ved (琵) blir peikefingeren på høgre hand ført frå høgre mot venstre over strengene, ved (琶) blir tommelen ført i motsett retning. Ein spelar med eigne eller med kunstige fingernegler. Bruk av plekter er meir sjeldan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pipaspelar, figur frå Sui-dynastiet. I Cernuschi-museet i Paris.

Historia til instrumentet kan sporast attende til Qin-dynastiet. Det har gjennomgått ei rekkje endringar sidan då.

  • I Qin- og Han-tida var kroppen til pipaen sirkelrund. Under Tang-dynastiet fekk instrumentet pæreforma si. Det er tydeleg at dette kjem av impulsar frå importerte persiske barbatinstrument frå 300-talet og framover.
  • Tidlegare hadde instrumentet fem strenger, men i løpet av hundreåra er dei blitt redusert til fire.
  • Opphavleg hadde instrumentet berre fem til seks tverrband. Etterkvart steig det til 14, 16, 17, 24, 29, og på 1900-talet så mange som 30. Den i lang tid tradisjonelle 16-bands-pipaen er no så å seia borte, skjønt den her og der kan finnast igjen sør i Kina (nanguan/nanyin-stil).
  • Tidlegare nytta ein plekter, dette er blitt erstatta av bruk av fingerneglene. Etter at stålstrenger er blitt vanlege, skjer det ofte at fingerneglene blir erstatta med forsterka, meir stabile kunstige fingernegler.
  • I gamle dagar blei instrumentet spelt i horisontal stilling, no er stillinga vertikal eller nær vertikal.

Pipaspel hadde ein blømingsperiode i Tang-tida, og var særs populært ved keisarhoffet. Dette kjem nok for ein stor del av at det budde ganske mange persarar i hovudstaden Chang'an. Mange persarar og kuchanarar verkte som musikarar ved keisarhoffet. På veggmåleri i Mogaogrottene nær Dunhuang er det mange avbildingar av buddhistiske halvguddomar som spelar på pipa. I dikt frå Tang-tida blir pipaen ofte prist for den utsøkte og forfina klangen sin.

Pipaen har fått avleggjarar i andre austasiatiske land, den japanske biwaen, den vietnamesiske đàn tỳ bà og den gamle koreanske bipaen.

Pipa på undergrunnsbana i New York i 2004.

Repertoar[endre | endre wikiteksten]

Ein skjelnar grovt mellom fire klassiske spelestilar: Wen (文; sivil), wu (武; krigersk), (大; suite) og xiao (小; solo).

Til dei mest kjende pipakomposisjonane høyrer Shimian Maifu (十面埋伏; 'omgjeven av ti strengar'); Xiyang Xiaogu (夕陽簫鼓; 'fløyte og trommel i kveldsdemringa'), Yangchun Baixue (陽春白雪; 'kvit snø i vårsola'), Long Chuan (龍船; 'drakebåten'), Yizu Wuqu (彝族舞曲; 'dansen til Yi-folket'), Dalang Taosha (大浪淘沙; 'store bølgjer slår mot sandbanken'), Zhaojun Chusai (昭君出塞; 'Zhaojun dreg over grensa') og Bawang Xiejia (霸王卸甲; 'kong Ba legg av seg rustningen').

Mot slutten av 1900-talet er det skrive ei rekkje nye solo- og orkesterverk for pipa, til dømes av komponistar som Wu Man og Min Xiao-Fen.

Spelarar[endre | endre wikiteksten]

Blant dei meir kjende pipaspelarane på 1900-talet kan ein nemna Sun Yude (孙裕德; 1904-1981) og Li Tingsong (李庭松; 1906-1976). Begge var elevar av Wang Yuting (1872–1951) og nytta spelestilen guoyue (国乐), ein kombinasjon av kinesiske musikktradisjonar og vestleg stil. Wei Zhongle (卫仲乐; 1908 eller 1909-1998) spelte pipa og ei rekkje andre gamle instrument og avdelinga for tradisjonelle musikkinstrument ved musikkonservatoriet i Shanghai tidleg i 1950-åra. Andre framtredande pipaspillere er Shen Haochu (沈浩初; 1899–1953), hans elev Lin Shicheng (林石城; 1922-2006), dennes elev Liu Dehai (刘德海; * 1937), og Wu Man. Elles kan nemnast Min Xiao-Fen, Tang Liangxing, Jiang Ting, Gao Hong, Qiu Xia He, Cheng Yu, Liu Fang (劉芳), Yang Jing, Ting Ting (Zong Tingting), Zhang Jingyu, Zhou Yi, Yu Jia (俞嘉), Yang Wei (杨惟) og Fan Wei (樊薇).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]