Pipipi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pipipi

Status i verda: LC Livskraftig

PipipiLitografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Pipipi
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pachycephalidae
Slekt: Mohoua
Art: M. novaeseelandiae
Namn på andre språk
  • Maori:Pīpipi
  • Engelsk: Pipipi
  • Engelsk, New Zealand: Brown Creeper
Vitskapleg namn
Mohoua novaeseelandiae

Pipipi, Mohoua novaeseelandiae, er ein sporvestor fugl som flyttar seg fort rundt i habitatet sitt av skog og krattskog med mykje læte. Han er endemisk til New Zealand og lever berre på Sørøya og Stewart Island/Rakiura. Artsnamnet pipipi kjem frå språket maori, og er det same på engelsk språk jamvel om 'Brown Creeper' er ei vanleg engelske nemning på New Zealand.[1]

Dette er ein sporvefugl i ei biologisk slekt Mohoua med uklåre taksonomiske relasjonar,[2] etter Clementslista medlem av plystrarfamilien, Pachycephalidae.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pipipiane si fjørdrakt har raudbrun oversida frå panne til haletipp, men ikkje over nakken som saman med andletet er oskegrå. Heile undersida er lys gulbrun med eit mørkt band mot haletippen. Ein kvit flekk bak auget er svært liten. Dette er ein sporvefugl med lengd på 13 centimeter og vekta er ca. 13,5 og 11 gram for hannar og hoer høvesvis. Kjønna er elles like og ungfuglar har òg same fjørdrakta.

Pipipiar er vanlegvis standfuglar og paret vernar eit territorium året rundt, unnatak er fuglar som hekkar i stor høgd og som trekker til lågare høgd om vinteren. Hannar har varierande og individuelle songar som kan innehalde både melodiske fløytetonar og harde tonar, eit læte kan vere 'tji-ro-ri-ro-ri-ri'. Hoa kan synge i duett med ein hannfugl, og har eit variert repertoar av triller og harde tonar.

Paret byggjer eit djupt koppforma reir av vegetasjon og er fôra med tørt gras, ull og fjører, reiret er lagt oppe i trekroner eller i tett kratt. Hoa legg 3 egg som ho rugar i ca. 19 dagar. Ungane kan flyge etter 18-22 dagar og kan formeire seg frå og med neste sesong. Pipipiar i sørlege delen av utbreiingsområdet blir ofte parasittert av gaukearten langhalekoel. Forventa levealder for pipipi er fem år.

Populasjonen lever spreidd og er avgrensa til Sørøya, Stewart Island/Rakiura og på øyar nær sistnemnde, slik som Codfish Island. På Sørøya er dei mest vanleg nord og vest for Søralpane. Dei lever i opphavleg skog, krattskog, og i plantasjar som til dømes i furuskog i Nelson på New Zealand. Ved Dunedin lever dei i opphavleg skog. Utbreiinga kan gå opp til tregrensa.

Pipipiar beitar på ulike artar av virvellause dyr, som edderkoppar, fluger, sommarfugllarver, møll og biller. Dei tar byttet ved å plukke frå bladverk og frå smågreiner på alle høgnivå i skogen[4] og går sjeldan ned på bakken. Under beiting kan dei opptre akrobatiske og henge opp ned under ei grein. Dei kan variere dietten med insekt under laus bork og supplere med små mengd av moden frukt ved høve.

Populasjonen av pipipi gjekk ned med europeisk busetting på New Zealand etter øydelegging av låglandsskog og innføring av predatorar. Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua og storleiken på populasjonen er trudd å vere stabil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Scofield, Brent Stephenson (2013). Birds of New Zealand: A Photographic Guide. Auckland University Press - The University of Auckland. ISBN 978-1-86940-733-9. 
  2. IOC World Bird List har sett inn arten i ein familie 'Incertae Sedis': http://www.worldbirdnames.org/n-lyrebirds.html Henta 1. oktober 2012
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 2. oktober 2012 
  4. Colin F.J. O’Donnell og Dilks, Peter J. Foods and Foraging of Forest Birds in Temperate Rainforest, South Westland, New Zealand, New Zealand Journal of Ecology, Vol. 18, No. 2, 1994. Henta 2. oktober 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pipipi