Pirin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vihren frå sør
Kamenitsa og vatnet Tevno
Pirin sett frå landsbyen Kalimantsi.
Fjelltoppen Gazey sett frå Polejan og vatnet Øvre Gazey

Pirin (bulgarsk: Пирин) er ei fjellkjede sørvest i Bulgaria omkring 41°45′50″N 23°25′30″E / 41.76389°N 23.42500°E / 41.76389; 23.42500. Den høgaste toppen er Vihren på 2 914 moh. Fjellkjeda strekkjer seg 40 km nordvest-søraust, og er om lag 25 km brei. Det meste av kjeda ligg innanfor nasjonalparken Pirin nasjonalpark.

Pirin er kjend for eit rikt dyre- og planteliv. Mykje av område er skogkledd med den beste barskogen i Bulgaria, mellom anna artar som ein berre finn på Balkan, som makedonsk furu, bosnisk furu og bulgarsk gran. Av dyr finn ein mellom anna ulv og brunbjørn.

Byen Bansko, ein viktig turist- og vintersportstad, ligg på nordaustsida av Pirin. Byen Razlog ligg i ein dal mellom Pirin i sør og Rilafjella i nord.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pirin er det nest høgaste fjellområdet i Bulgaria etter Rila (2 925 m), og det sjette høgaste i Europa etter Kaukausus, Alpane, Sierra Nevada, Pyrneane og Etna. Fjellkjeda dekkjer eit område på 2 585 kvadratkilometer og har ei middelhøgd på 1 033 m. Pirin ligg sørvest i landet mellom elvene Struma og Mesta, og grensar til Rila i nord ved Predelryggen (1 142 m) og til fjellet Slavjanka i sør ved Parilskaryggen (1 170 m). Avstanden mellom desse to punkta er 60 km frå nordvest til søraust, og den maksimale breidda er 50 km frå landsbyen Sadanski til landsbyen Obidim. Andre nabofjell er Vlahina, Malesjevo, Osogovo og Ograzjden i vest, i tillegg til Rodopifjella i aust.

Geologisk og geografisk er Pirin delt inn i tre delar: Ein nordleg, ein sentral og ein sørleg del.

  • Nord-Pirin er den største av dei tre områda med om lag 74 % av arealet. Området er om lag 42 km langt frå Predel i nord til ryggen Todorova Poljana (1 883 m) i sør. Nord-Pirin er den mest vitja delen av fjellet, og det einaste området som har ein alpin utsjånad, med mange vatn og fjellhytter. Den høgaste toppen, Vihren, ligg òg i dette området. Området er igjen delt inn i fleire mindre område: Mramor, ein nordleg sentraldel, ein sørleg sentraldel, Polezjan, Kamenitsa, Sinanitsa og Debeli Rid. Lenkjetittel
  • Sentral-Pirin strekkjer seg frå Torodorva Poljana til ryggen Popovi Livad. Dette er det minste området (7 %) og den kortaste delen av fjellkjeda, berre 7 km lang. Den høgaste toppen er Oreljak (2 099 m), medan dei andre toppane er under 2 000 meter og dekte med tett skog.
  • Sør-Pirin er den lågaste og mest runde delen. Den høgaste toppen her er Svesthnik med 1 975 m. Området utgjer 17 %, og er om lag 11 km langt og breitt. Fjellområdet er òg dekt av skog, og er det området som er minst vitja. Derfor er det heller ingen fjellhytter her.

Geologi og fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

View of a lake and marble peak
Popinolasjki-fossen
Fjelltoppen Sinanitsa
Vatnet Øvre Vasilasjko

Pirin vart danna under Tertiærtida. Hevinga av fjellkjeda skjedde i steg med lange rolege periodar i mellom. Under Kvartærtida byrja isbrear å dekkje delar av fjella, og desse danna flotte alpine kantar, morenefelt og vertikale fjellveggar. Isen danna òg mange av dalsøkka der ein i dag finn mange fjellvatn.

I fjellkjeda er det to toppar over 2 900 m, Vihren og Kutelo; sju over 2 800 m, 17 over 2 700 m, 32 over 2 600 m og 40 over 2 500 m. Den høgaste granittoppen er Banderisjki Tsjukar (2 732 m). Dei 20 høgaste toppane er:

Todorka
  1. Vihren – 2 914 m
  2. Kutelo – 2 908 m
  3. Banski Suhodol – 2 884 m
  4. (Goljam) Polezjan – 2 851 m
  5. Kamenitsa – 2 822 m
  6. Malak Polezjan – 2 822 m
  7. Bajuvi Dupki – 2 820 m
  8. Jalovarnika – 2 763 m
  9. Kajmaktsjal – 2 763 m
  10. Gazej – 2 761 m
  11. (Goljama) Todorka – 2 746 m
  12. Banderisjki Tsjukar – 2 732 m
  13. Dzjengal – 2 730 m
  14. Momin Dvor – 2 723 m
  15. Basjlijski Tsjukar – 2 720 m
  16. Bezimenen Vrah – 2 712 m
  17. Malka Todorka – 2 712 m
  18. Tsjengeltsjal – 2 709 m
  19. Disilitsa – 2 700 m
  20. Kamenisjka Kukla – 2 690 m

Vatn og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Vatnet Popovsko sett frå Dzjano

Pirin er kjend for å innehalde mykje vatn. Mange elvar har sitt utspring i fjella og dei høyrer til nedslagsfeltet til Struma og Mesta, og hovudryggen er vasskiljet mellom desse to nedslagsfelta. Elvane som renn ned frå fjellet er korte, turbulente og ofte med stor vassføring, og fleire av dei dannar fossefall, som den 12 meter høge Popinolasjki-fossen.

Større elvar som munnar ut i Mesta er:

  • Iztok (Aust) som renn gjemmon Razlogdalen med fleire mindre sideelvar.
  • Plesjka, som renn gjennom landsbyen Dobrinisjte.
  • Bezbozjka.
  • Retije, som har sitt utspring frå vatnet Popovo.
  • Elvane Kamenitsa, Breznitsa og Korpitsa.

Større elvar som munnar ut i Struma er:

  • Vlatsjina, som har sitt utspring frå vatna med same namn.
  • Sandanska Bistritsa, som dannar ein stor dal med mange sideelvar. Ho renn gjennom Sandanski.
  • Melnisjka
  • Pirinska Bistritsa, som dannar grensa mellom Bulgaria og Hellas i sør.

Ein av dei mest naturskjønne delane av landskapet til Pirin er 176 krystallklåre fjellvatn, som vert kalla augene til fjellet i bulgarske segner. Dei fleste av dei ligg i flotte dalsøkk rundt høge snødekte fjelltoppar. Det største vatnet er Popovo, som òg er det djupaste i Pirin. Andre vakre vatn er Banderisjkisjøane, Valjavisjkisjøane, Vasilasjkisjøane, Vlahinisjøane, Kremenskisjøane, Samodivskisjøane og Sinanisjkosjøane. Desse sjøane er svært populære hos turistar. Det største vatnet i Pirin er den fjerde største innsjøen i Bulgaria. Den høgastliggande innsjøen er òg den høgaste på Balkan.

Dei største og viktigaste innsjøane i fjellkjeda er:

Det finst òg fleire vatn som ikkje er del av nokre grupper, som Sinanisjko, Bezbozjko og Dautovo.

Det finst òg små isbrear i Golemija Kazan (Den store gryta) under Vihren (90x40 m) og Kamenitsa.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Pirin har eit rikt og variert dyre- og planteliv. Ein har funne meir enn 1 300 planteartar opp til no, som er om lag 1/3 av alle planteartane som finst i landet, 320 lavartar, fleire hundre algeartar. Det finst 18 endemiske planteartar i området, inkludert pirinvalume, pirinmjødurt, pirintimian, David kongslys og andre. Mange planter er ekstremt sjeldne og verna, som den vakre edelveisen. Vegetasjonen er vertikalt inndel i tre soner: Tre, subalpint og alpint. Nedanfor trelinja finn ein hovudsakleg bartre som europeisk svartfuru, furu, makedonsk furu, bosnisk furu, gran og bulgarsk gran, og desse strekkjer seg opp til om lag 2 000 meter. Opp til 2 500 meter er den subalpine sona, der ein stort sett har fjellfuru og einer, og storleiken minkar med høgda. Den alpine sona byrjar ved om lag 2 500 meter og er stort sett dekt av gras, mose, lav og blåbær. Rundt elvane og innsjøane er barneorm meir vanleg. Det mest vidkjende treet i Pirin er Baikusjevs furu, kalla opp etter skogvaktaren som først fann det. Dette treet er meir enn 1 300 år gamalt, og er dermed like gamalt som Bulgaria. Det er meir enn 2 000 virvellause dyr (edderkoppar, tusenbein, insekt, sniglar) og 250 virveldyr. Av dei siste finn ein 177 forskjellige fugleartar, 45 pattedyr og berre 6 fiskeartar. Mange av desse er utryddingstrua og treng særskild vern, som kongeørn og tretåspett. Det mest vanlege dyret er gemse, brunbjørn, ulv, rådyr, rev, ørn og falk og tiur.

For å verne om det rike dyrelivet i fjellet vart Vihren nasjonalpark oppretta i 1962, som fekk namnet Pirin nasjonalpark i 1975. Det har eit areal på 403,32 km². Parken vernar dei største skogane med makedonsk og bosnisk furu i landet, i tillegg til mange sjeldne og endemiske artar. Det finst fleire naturreservat som utgjer 15 % av det totale arealet. Nasjonalparken vart ein del av UNESCO si verdsarvliste i 1983.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]