Pisuerga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pisuerga
Pisuerga i Valladolid
Pisuerga i Valladolid
Utspring Cordillera Cantábrica
Munning Duero
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 283 km
Middelvassføring 129 m³/s
Nedslagsfelt 15 828 km²

Pisuerga er ei elv nord i Spania og den nest største sideelva til Duero.

Ho spring ut i sørsida av Cordillera Cantábrica (provinsen Palencia i den autonome regionen Castilla y León) og renn sørover og munnar ut i Douro kort tid etter ho har passert byen Valladolid. Elva har ei lengd på om lag 283 km.

Sidan 1950-åra har vassnivået i elva vore jamnt året gjennom på grunn av den enorme Aguilar de Campóo-dammen som samlar opp vatn i den meir regnfulle øvre dalen som elva renn gjennom. Denne reguleringa gjer at det ligg enorme jordbruksområde som får kunstig vatning langs Pisuerga nord i Castilla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°39′13″N 4°44′04″W

Spire Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.