Pitbull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein amerikansk pitbullterrier.
Amerikansk staffordshire terrier, populært kalla amstaff.

Pitbull eller pitbullterrier kan visa til ulike hundar med opphav i kryssingar mellom bulldogg og terrier. Hundetypen er blitt brukt i ulike typar hundekamp (namnedelen pit kjem frå grava ein brukte som kampplass), og har fått rykte på seg for å vera aggressiv og farleg. «Pitbull» kan dermed også brukast i overført tyding om ein person som har liknande eigenskapar. Pitbullar og pitbulliknande hundar er omfatta av ulike restriksjonar fleire stader, og er den hundetypen som oftast blir avliva i omplasseringssenter i USA.[1]

Hundar[endre | endre wikiteksten]

Bull terrier og staffordshire bull terrier. Desse hundane er i slekt med dei amerikanske pitbulltypane, men er sjeldnare forbodne.

Det varierer kva hundar ein kallar «pitbull». Tre hunderasar blir ofte kalla det: Amerikansk pit bull terrier, amerikansk staffordshire terrier og (engelsk) staffordshire bull terrier. Engelsk bull terrier og miniatyrutgåva av denne blir også tidvis rekna med til omgrepet, det same blir amerikansk bulldogg i nokre få område. I tillegg finst det ei rekkje blandingshundar med pitbulliknande trekk som blir rekna med til gruppa.

I Noreg er (amerikansk) pitbullterrier med variantar og amerikansk staffordshire terrier (amstaff) forbodne etter Hundeloven.[2]

Pitbull i kulturen[endre | endre wikiteksten]

USA representert av ein pitbull under første verdskrigen.

Under første verdskrigen blei ein pitbull brukt til å symbolisera USA.

«Pitbull» er eit vanleg artistnamn for fribrytarar.

Reggaeton-gruppa Alexis & Fido er også kjende som Los Pitbulls.

Pitbullterje er ein norsk film frå 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Ca. 980 000 hundar, eller 58 % av alle som blei avliva av hundesenter i USA i 2008, var rekna som «pit bull-type dogs». «Decade of adoption focus fails to reduce shelter killing» (PDF). Animal People News 6 (XIX). July/August 2009. s. 8–10. Arkivert frå originalen (PDF) 13. juni 2010. Henta 24. oktober 2009. 
  2. FORSKRIFT OM HUNDER (20. august 2004)