Pitch Pine
| Pitch Pine | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Pinophyta | |
| Klasse: | Pinipsida | |
| Orden: | Pinales | |
| Familie: | Pinaceae | |
| Slekt: | Pinus | |
| Art: | P.rigida| | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pinus rigida | ||
| Pitch Pine | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Styvbarrig tall |
| Engelsk | Pitch Pine |
| Tysk | Pech-Kiefer |
| Fransk | Pin rigide |
| Spansk | Pino bronco |
Pitch Pine (Pinus rigida) er eit furuslag som høyrer heime i det austlege Nord-Amerika. Det kan trivast på ulik jordsmun, og får ei høgd på 6 - 30 meter. Pitch Pine har god motstandskraft mot skogbrann. Den tjukke barken vernar stammen mot brannskadar. Om trekruna vert øydelagd, kan det vekse nye skot rett frå stamma.
Trevirke[endre]
Sjølv om Pitch Pine ofte er krokete, og det kan vekse fleire stammer frå same rot, har trevirke vorte nytta til mange formål. Veden inneheld mykje harpiks, og er tung, hard og dermed slitesterk. Bruksområde har vore jernbanesviller, props i gruvegangar, og skipsbygging. Colin Archer brukte Pich Pine til garnering i polarskipet «Fram». Nokre av dei tidlege redningsskøytene hadde kjøl av Pitch Pine. Trevirket som har vore i handelen som Pitch Pine har og kome frå andre amerikanske furuslag, særleg Longleaf Pine (Pinus palustris).
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pitch Pine» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2011.
- Tom Rasmussen: Trevirke og materialbruk i Kravellbygging i Norge. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum 2008
- Bogen om træ. Lademann Forlagsaktieselskab København 2008