Pite älv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 65°21′52″N 21°19′22″E
Pite älv
Piteälven, , Piteå älv
elv
none  Trollforsen i september 2010
Trollforsen i september 2010
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Kjelde Pieskehaure
Munning Bottenviken
 - høgd moh
 - koordinatar 65°21′52″N 21°19′22″E
Lengd 400 km
Nedslagsfelt 11 285,3 km²
Vassføring
 - middel 160 /s
Pite älv
Pite älv
Pite älv ved Benbryteforsen
Foto: Curt Löfwenberg
Kombibru bil/tog på Inlandsbanan.

Pite älv eller Piteälven er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 410 km lang[1], med eit nedbørområde på 11 285 km²[2] og ein middelvassføring ved utløpet på 160 m³/s.

Elva har utspring frå innsjøen Pieskehaure ved grensa mot Noreg, like aust for Sulitjelma. Ho renn derfrå i søraustleg retning og passerer gjennom fleire store innsjøer, som Tjeggelvas og Vuolvojaure. Ho munnar ut i Bottenviken ved Pitsund, 10 kilometer sør for Piteå. Dei største sideelvane er Abmoälven, Varjisån, Vistån og Lillpiteälven.

Pite älv er ei av nasjonalelvane i Sverige, og er saman med Vindelälven, Torne älv og Kalixälven ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til kraftproduksjon. Den største fossen er Storforsen ved Vidsel, som òg er det største turistmålet i Norrbotten med ca. 180 000 vitjande per år. Andre kjende fossar er Trollforsarna, Benbryteforsen, Åkerselforsen, Trångforsen og Fällforsen. Ved Hundforsen kryssar Inlandsbanan elva på ein av dei få gjenverande kombibruene i Sverige som vert trafikkert av både bil og tog i same løp.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pite älv