Pitotrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pitotrøyr på fly vert nytta til å måle farten til flyet i forhold til lufta.

Pitotrøyr er eit vinkelforma røyr brukt til måling av trykk i strøymande væsker. Den eine opninga til røyret blir retta mot væskestraumen, og den andre er knytt til eit manometer som viser totaltrykket i væska. Dette røyret blir gjerne kombinert med eit liknande røyr lukka føre, men med ein sideopning som syner det statiske trykket i væskestraumen. Av skilnaden i dei to trykka kan ein rekne ut straumhastigheita. Instrumentet kan brukast til å måle farten for skip og fly og kallast då trykklogg eller pitotlogg. Pitotrøyret vart oppfunnen av den franske fysikaren Henri Pitot (1695–1771).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]