Piz Badile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piz Badile
fjell
Nordaustsida og nordryggen av Piz Badile
Land  Italia,  Sveits
Del av Val Bregaglia
Fjellkjede Bregagliafjella
Høgd 3 308 moh.
Primærfaktor 260 m ↓  mot Piz Cengalo
Koordinatar 46°17′41″N 9°35′10″E
Geologi Granitt
Lettast tilkomst Sørryggen (fjellkløftrute) PD
Førstestiging W. A. B. Coolidge
 - dato 27. juli 1867
Kart
Piz Badile
46°17′41″ N 9°35′10″ E
Wikimedia Commons: Piz Badile

Piz Badile er eit fjell i Bregagliafjella på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 3 308 meter over havet. Nordaustsidaveggen av fjellet vert rekna som ein av dei seks store nordsidene i Alpane.

Toppen av fjellet vart først nådd 27. juli 1867 av W.A.B. Coolidge med fjellførarane F. og H. Dévouassoud via sørryggen.

Piz Badile frå sør

To klassiske ruter opp Piz Badile er nordryggen og Cassin-ruta på nordaustsida. Nordryggen, Badilekante, vart først klatra solo av den sveitsiske guiden Christian Klucker i 1892. Den mest populære ruta på nordaustveggen er Cassin-ruta, kalla opp etter Riccardo Cassin, som var første til å klatre opp fjellet på denne sida. i lag med V. Ratti, G. Esposito, Mario Molteni og Giuseppe Valsecchi 14.- 16. juli 1937. Molteni og Valsecchi var alt i fjellsida då Cassin og laget hans starta, men klatrarane slo seg saman. Molteni døydde av utmatting og kulde på toppen, medan Valsecchi døydde på veg ned sørryggen, like før han nådde hytta.

Namnet Badile tyder «spade», fordi fjellet ser ut som ein spade når ein ser det frå Val Bregaglia.

Utsyn frå Soglio mot Scioratoppane (venstre), Piz Cengalo (venstre i midten) og Piz Badile (i midten)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Piz Badile frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Collomb, Robin G., Bregaglia West, Goring: West Col Productions, 1984
  • Engel, Claire, Mountaineering in the Alps, London: George Allen and Unwin, 1971