Piz Bernina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piz Bernina
fjell
Piz Bernina med Biancograt til høgre
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Fjellkjede Bernina
Høgd 4 049 moh.
Primærfaktor 2 234 m ↓ Mont Blanc
Koordinatar 46°22′56.42″N 9°54′29.02″E / 46.3823389°N 9.9080611°E / 46.3823389; 9.9080611
Lettast tilkomst fjell-/isklarting
Førstestiging J. Coaz
 - dato 13. september 1850
Kart
Piz Bernina
46°22′57″N 9°54′29″E / 46.382388888889°N 9.9081111111111°E / 46.382388888889; 9.9081111111111
Wikimedia Commons: Piz Bernina

Piz Bernina (4 049 m) er det høgste fjellet i Berninafjella, og i Aust-Alpane i det heile. Av fjelltoppar i Alpane over 4 000 m er Piz Bernina den som ligg lengst aust. Vidare er Piz Bernina det høgste fjellet i den sveitsiske kantonen Graubünden. Fjellet har ein primærfaktor på 2 234 m, einast fire fjelltoppar i Alpane har større. Fjellet ligg i nærleiken av St. Moritz. Det har fått namn etter Berninapasset, namnet vart gjeve i 1850 av fyrstebestigaren Johann Coaz.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Piz Bernina er det absolutte toppunktet i ei rekkje med knapt 4 000 m høge fjelltoppar som ligg på eller nær vasskiljet mellom Sveits og Italia (til dømes Piz Scerscen, Piz Zupò og Piz Palü). Den einaste andre 4 000 meters-toppen er Punta Perrucchetti, ein topp sør for fjellet med låg primærfaktor, men som er det høgste punktet på den italienske sida av massivet.

Sjølve toppen ligg i ei vinkelrett rekke (retning nord–sør) som startar med La Spedla ved landegrensa og som endar med Piz Chalchagn, dei andre toppane er Piz Morteratsch og Piz Boval.

Piz Bernina er skilje mellom to bredalar, med Tschiervabreen i vest og Morteratschbreen i aust. Elvane frå begge bredalane renn ned i elva Inn. Sør for Piz Bernina deler vasskiljet seg i to nedslagsfelt. Eit renn til Donau og Svartehavet, det andre til Po og Adriahavet. Det høgstliggjande nedslagsfeltet til Donau ligg i skråningane opp mot Piz Bernina.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Bergartane i Piz Bernina er diorittar og gabbroar. Massivet elles består av granittar (Piz Corvatsch, Piz Palü). Størstedelen av fjellkjeda høyrer til Austroalpine nappes, eit tektonisk felt der berggrunnen kjem frå Den adriatiske plata, eit lite kontinent som braut laust frå Afrika (Gondwana) før fjelldanninga i Alpane tok til. Dei Austroalpine nappes er vanlege over heile Aust-Alpane.

Piz Bernina frå vest

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste toppturen vart gått langs austegga i 1850 av den 28 år gamle topografen Johann Coaz (frå Chur) og assistentane hans, brørne Jon og Lorenz Ragut Tscharner. 13. september 1850, kort etter klokka 6, forlet dei Bernina Inn (på 2 050 m) med sine måleinstrument. Dei traverserte Labyrinth (på Morteratschgletscher) i retning Fuorcla Crast'Agüzza, eit skar mellom Crast' Agüzza og Piz Bernina. Dei nådde toppen i kring klokka 18.

I 1866 vart søregga kliven frå La Spedla av Francis Fox Tuckett, F.A.Y. Brown samt fjellførarane Christian Almer og Franz Andenmatten. Dei starta ved midnatt frå Alpe Foppa på den italienske sida, og nådde toppen klokka 11. Nedturen til Pontresina tok berre få timar.

Fyrste forsøket på å klatre nordegga, Biancograt, vart føretrekt 12. august 1876 av Henri Cordier, Thomas Middlemore saman med fjellførarane Johann Jaun og Karsten Maurer. Dei klarte å kome til topps på egga, Piz Alv. Men då dei såg kløfta som låg mellom dei og toppen på Piz Bernina, vurderte dei turen vidare som uoverkomeleg og vende tilbake ned Biancograt. Cordier sa seinare at kløfta var "absolutely impossible" (=fullkomen umogleg).

Nøyaktig to år seinare nådde Paul Güssfeldt, i fylgje med fjellførarane H. Grass and J. Gross, toppen via Biancograt og stod for den fyrste fullførte klatreturen langs denne ruta.

Fyrste vinterstiginga fann stad 15. mars 1929 ved C. Colmus og fjellførarane C. og U. Grass. For å vinne eit veddemål verd 200 sveitsarfranc, klatra Hermann Buhl til topps på Piz Bernina frå Boval-hytta på seks timar; deretter kleiv han ned nordegga på berre 15 minuttar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Piz Bernina er den høgste fjelltoppen i Engadin-regionen og ligg nær feriestadene St. Moritz og Pontresina. Fjellet kan sjåast frå ulike utsynsstader som ein når gjennom turar med skiheisar frå Diavolezza, Piz Corvatsch eller Piz Nair.

Klatreruter og hytter[endre | endre wikiteksten]

Normalruta tek utgangspunkt i Rifugio Marco e Rosa, som ligg på 3 600 m ovanom Fuorcla Crast'Agüzza. Ruta vidare fylgjer same vegen som den fyrstebestigarane nytta.

Nordegga, kalla Biancograt eller Crast Alva, er den mest attraktive ruta til topps. Ho er mykje vanskelegare enn normalruta. Ruta startar frå Tschierva Hütte (2 584 m) i Val Roseg, tilgjengeleg frå Pontresina. Sjølve Biancograt startar ved Fuorcla Prievlusa (3 430 m) og leier til Piz Alv (3 995 m). For å nå toppen må ein traversere Bernina-kløfta – som dreiv Cordier, Middlemore, Jaun og Maurer tilbake i 1876.

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Panorama frå Diavolezza. Frå venstre: Piz Palü, Bellavista, Crast' Agüzza (liten tind i midten), Piz Bernina og Piz Morteratsch