Piz Lunghin
| Piz Lunghin | |
| fjell | |
|
Silsersee og Piz Lunghin (midten høgre)
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Albulafjella |
| høgd | 2 780 moh |
| skardhøgd | 135 m ↓ mot Piz Lagrev |
| koordinatar | |
Piz Lunghin (2780 moh) er eit fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Det ligg i Albulafjella oppfor Malojapasset. Fjellet kan reknast som «taket i Europa», sidan vatn som renn av fjellet kan nå både Atlanterhavet, Middelhavet og Svartehavet.
Geografi og hydrografi [endre]
Piz Lunghin ligg i den øvre enden av dalane Engadin (aust) og Bregaglia (vest). Malojapasset, mellom dei to dalane, ligg 2 km søraust for toppen. Nordsida av fjelelt ligg i det verna området Parc Ela.
Det kjende triple vasskiljet, som ligg berre 600 meter frå sjølve toppen, ved Lunghinpasset, på 2645 moh (). Nordvestsida er starten på ei elv som endar i Gelgia, ei sideelv til Albula, som igjen renn ut i Rhinen. Frå sørvestsida renn vatnet ut i Mera i Val Bregaglia, ei sideelv til Po. Inn spring ut frå Lägh dal Lunghin nedanfor toppen, aust for passet. Inn er ei sideelv til Donau.
- Rhinen munnar ut i Nordsjøen 740 km mot nord.
- Po munnar ut i Adriahavet 275 km mot sør.
- Donau munnar ut i Svartehavet 1560 km mot aust.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Piz Lunghin» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2012.