Piz Mitgel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°36′51.3″N 9°38′47.7″E
Piz Mitgel
fjell
none
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Fjellkjede Albulafjella
høgd 3 159 moh
koordinatar 46°36′51.3″N 9°38′47.7″E
Førstestiging av Douglas Freshfield, F. og H. Devouassoud
 - dato 1. august 1867
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Piz Mitgel er eit 3 159 meter høgt fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellet ligg i fjellkjeda Albulafjella. Fjelltoppen ligg nord for Savognin og utgjer saman med Piz Ela og Tinzenhorn den såkalla Bergüner Stöcken, ei undergruppe av Albulafjella. Piz Mitgel skil dalen Albulatal i nord frå Oberhalbstein i sør.

Fyrstebestiginga av Piz Mitgel fann stad på den sveitsiske nasjonaldagen i 1867. Briten Douglas Freshfield hadde fylgje med dei to brørne F. og H. Devouassoud på turen. Fjellhytta Elahütte er eit vanleg utgangspunkt for ein topptur. Normalruta er sikra med ståltau, og krev lett klatring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]