Piz Roseg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°22′25.5″N 9°52′59.1″E
Piz Roseg
fjell
none  Güssfeldtsattel, Roseg Pitschen, hovudtoppen og Schneekuppe (venstre til høgre)
Güssfeldtsattel, Roseg Pitschen, hovudtoppen og Schneekuppe (venstre til høgre)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Berninafjella
høgd 3 937 moh
skardhøgd 415 m ↓  mot Piz Bernina
koordinatar 46°22′25.5″N 9°52′59.1″E
Lettast tilkomst Nordvestryggen frå Coaz-hytta (AD)
Førstestiging av Adolphus Moore, Horace Walker, Jakob Anderegg
 - dato 28. juni 1865
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Piz Roseg er eit fjell i Berninafjella i Sveits med ei høgd på 3 937 meter over havet. Det er to toppar på hovudryggen. Den søraustlegaste er den høgaste, medan den nordvestlege toppen, kalla Schneekuppe er 3 920 m. Det finst òg ein topp på nordaustryggen kalla Roseg Pitschen på 3 868 m.

Schneekuppe vart først klatra av F. T. Bircham med guidane Peter Jenny og Alexander Fleury 31. august 1863. Det høgaste punktet på fjellet vart klatra to år seinare av Adolphus Moore og Horace Walker med fjellføraren Jakob Anderegg den 28. juni 1865.

Piz Roseg grensar til Piz Scerscen som ligg på andre sida av Porta da Roseg (3 522 m), som òg vert kalla Güssfeldtsattel.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Piz Roseg frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Collomb, Robin, Bernina Alps, Goring: West Col Productions, 1988

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Piz Roseg på SummitPost