Piz Varuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°21′08″N 9°59′35″E
Piz Varuna
fjell
none  Nordsida
Nordsida
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Berninafjella
høgd 3 453 moh
skardhøgd 222 m ↓  mot Piz Bernina
koordinatar 46°21′08″N 9°59′35″E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Piz Varuna er eit 3 453 meter høgt fjell i Berninafjella på grensa mellom Sveits og Italia. Toppen er den høgste i eit mindre fjellmassiv, dei andre toppane i massivet er Piz Canton (3 110 m), Cima Val Fontanà (3 070 m) samt Sasso Rosso (3 416 m).

Isbreane på Piz Varuna flyt mot nord gjennom Vadret da Varuna ned i Palübreen, og mot aust gjennom Vadret da Canton og dalen Val Varuna ned i sveitsiske Valposchiavo. Vedretta di Varuna, som ligg lengst sør, renn på om lag ti år gjennom dalen Val Malenco i retning Italia. Tidlegare strekte eit brearm seg gjennom Val Tempesta i Val d’Ursé i Valposchiavo.

Til straks etter 2. verdskrigen gjekk grensa mellom Italia og Sveits over Piz Varuna langs vasskiljet over Vedretta di Varuna til Cima Val Fontanà. Grunna bortsmeltinga av breane vart grensa omlagt, til gunst for Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]