Pizza Grandiosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frosen Grandiosa med salami, seld i Finland

Pizza Grandiosa, ofte berre kalla Grandiosa eller Grandis, er ein ferdigpizza som er tilgjengeleg i so å seie alle daglegvarebutikkar og bensinstasjonar. Den vert laga av det norske føretaket Stabburet.

Grandiosa er den ferdigpizzaen som blir eten mest i her i Noreg. Han vart lansert i 1980 og ein reknar med at over 20 millionar Grandiosapizzaar vert selde årleg. Opphavleg fanst det berre éin type Grandiosa, men denne grandiosaen var både elska og utskjeld. Etter 21 år valde difor Stabburet ei dristig relansering av grandiosaen. Grandiosa Mild Taco var det nye namnet. Sidan Stabburet var klår over at å røre folkepizzaen kunne få dei som føretrekte Grandiosaen slik som han no alltid hadde vore til å reagere, var den gamle grandiosaen framleis tilgjengeleg i butikkane under namnet Grandiosa Classic.

Etter mange år, lanserte produsenten i 2004 ein reklamekampanje som dei kalla Pizzavalet 04. Med Lars Jacob Krogh som såkalla valkommentator fekk forbrukarane i oppgåve å velje mellom to nye pizzakandidatar: Grandiosa Pepperoni og Grandiosa Kjøttdeig med Løk. Vinnaren av pizzavalet skulle inngå i varehyllene akkurat som dei to andre grandiosapizzaene. Det var Grandiosa Kjøttdeig med Løk som vart vinnaren av pizzavalet '04. Motkandidaten Grandiosa Pepperoni forsvann ei lita stund frå butikkhyllene, men vart likevel etter ei stund relansert. Stabburet hevda dei gav etter grunna press frå folket, når dei heldt på båe variantane.

Denne kampanjen hadde vore ein suksess for Grandiosaen og i 2005 relanserte Stabburet pizzavalkampanjen, denne gongen tett mot stortingsvalet som òg gjekk føre seg dette året. Denne gong var kandidatane Grandiosa Taco med slagordet «Krydder for folket» og Grandiosa Pølse med tomat som hadde «Fri for valflesk, men rik på tomat» som slagordet sitt. Same dag som resultatet av Stortingsvalet 2005 var klart, vart også Grandiosa Taco kåra som vinnaren av pizzavalet '05.

11. oktober 2006 vart det arrangert noregsmeisterskap i Grandiosa-eting. Denne vann studenten Claus Liland, som brukte 1 minutt og 37 sekund på å ete opp ein heil Pizza Grandiosa.