Pløsauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pløsauge


Kvitvengpløsauge, Platysteira cyanea
Kvitvengpløsauge, Platysteira cyanea

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Platysteiridae
Slekter

Pløsauge, Platysteiridae, er ein familie av små, kraftige sporvefuglar i tropisk Afrika. Familien samlar pløsauge, batisar og biasar. Gruppa var tidlegare klassifisert som ein underfamilie av flugesnapparfamilien Muscicapidae.

Desse insektetande fuglane er vanlegvis funne i open skog eller i buskar og kratt. Dei jaktar insekt i lufta, eller ved å ta byttet frå bakken som ein varslar. Reiret er lite, fint koppforma og ligg lågt i eit tre eller i ein busk.

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Bantubatis, Batis molitor
Foto: Derek Keats
Svartvengpløsauge, Platysteira peltata
Foto: Dick Daniels

Pløsauge er fuglar som lever i tre, i hovudsak er habitata skogsområde i Afrika sør for Sahara. Dei to biasane, kvitbrystbias og toppbias, lever i tett skog, slekta Platysteira, med fellesnamnet pløsauge, er fuglar som finst i skog, og habitata til batisar strekkjer seg over alle naturtypar unntatt dei tettaste skogane i Kongo-bassenget og dei tørraste ørkenane. Artane priritbatis og pygmebatis er i stand til å leve i svært tørre miljø med noko dekkje, og kvitpannepløsauge favoriserer mangroveskogar i Angola. Mange artar i familien har tilpassa seg habitat endra av menneske. Familien har høgst mangfald i regionar rundt ekvator, ein finn halvparten av alle kjende artar i Tanzania, og nesten halvparten i området dekt av Kongo og Kenya.

Artane i denne familien er generelt standfuglar. Men det finst nokre unntak, kvitbrystbias er truleg trekkfuglar innanfor Afrika, dei er fråverande i einskilde delar av utbreiingsområdd i delar av året. Og somme batis-artar tar dessutan sesongmessige trekk i tillegg til kortare streif på grunn av endringar i lokale levetilhøve.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Pløsauge er små til mellomstore sporvefuglar. Dei har korte bein og ei oppreist haldning når dei sit. Stjertlengda varierer, frå batisar som har korte halar til Platysteria-pløsauge og biasas med lengre stjertar. Nebba er flat og bøygd mot enden, er generelt breitt med velutvikla bustfjører. Med unntak av nokre få batis-artar syner desse fuglane kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. Dei to biasane er flugesnapparliknande fuglar.[1] I det heile har fuglar i familien kvit underside og mørk, flekkete overside, og mange artar ber eit mørkt band over brystet. Nokre få pløsauge fråviker dette mønstret og har meir fargerike fjørdrakter. Mange artar kan reise fjørene på gumpen til ein slags dott. Irisen hos batisar og toppbias er fargerike og blir brukt i kommunikasjon, dei bli meir fargerike når dei vaksne er spente. Hos Platysteira-artane blir den fargerike hudlappen over auga brukt til kommunikasjon. Denne hudlappen har gjeve namnet pløsauge på familien. Nokre artar i familien er ganske vokale med ei rekkje fløytelydar, skarpe kallerop og duettar. Batisar har evne til å lage hørbare venglydar når dei flyg frå grein til grein, eit supplement til song.[1]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste komponenten i dietten av alle artene er insekt, sjølv om edderkoppar, tusenbein og skorpionar òg blir tatt, og det er jamvel registreringar av små øgler i dietten. Blant insektbytte finst ei rekkje ulike typar artar, biller, grashopper og andre rettvenger, fluger, mygg, kvefs, termittar, knelarar og andre er registrerte. Dei kan søkje føde individuelt eller saman i familiegrupper. Nokre artar vil òg beite som ein del av fleirartsflokkar, ein teknikk som har vist seg å gje føremonar.[2] Ulike artar og slekter brukar varierande metodar for å ta føda, alt frå å plukke bytte frå blad på trea til å fange det i lufta.

Vern og truslar[endre | endre wikiteksten]

Ein art, kamerunpløsauge, er rekna som truga av menneskeleg aktivitet. Arten har ei avgrensa utbreiing i habitat i Kamerun, habitata er sårbare for skogrydding. Arten er oppført som trua av IUCN.[3] Ytterlegare to artar er vurderte som nær trua, gabonbatis og kvitpannepløsauge. Begge artane er trua av tap av habitat. Nokre artar er òg svært lite utforska, og ein art, Batis crypta, vart identifisert i 2006.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Pløsauge i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Slekt Lanioturdus

  • Markbatis, Lanioturdus torquatus, White-tailed Shrike, LC, Waterhouse, 1838

Slekt Platysteira

Slekt Batis, 18 batisar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zimmerman et al, side 488
  2. Thomson RL & Ferguson JWH (2007) Composition and foraging behaviour of mixed-species flocks in two adjacent African woodland habitats: a spatial and temporal perspective Ostritch 78(1): 65-73
  3. BirdLife International (2010) Species factsheet: Platysteira laticincta. Lest fra http://www.birdlife.org 4. oktober 2010
  4. Fjeldsa J, Bowie RCK, Kiure J (2006) The forest batis, Batis mixta, is two species: description of a new, narrowly distributed Batis species in the Eastern Arc biodiversity hotspot Journal of Ornithology 147(4): 578-590
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]