Linjegeometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Plückerkoordinatar)

Linjegeometri eller Plückerkoordinatar er ei grein av geometrien som vart grunnlagd av Julius Plücker kring midten av 1800-talet. I staden for å sjå punktet som grunnelement i geometrien, rekna Plücker den rette linja som grunnelement. Ei kurve vert då oppfatta som summen av alle sine tangentar, og eit punkt som summen av alle linjer gjennom punktet. I linjegeometri vert plasseringa til ei linje avgjort av linjekoordinatane til linja. I planet er ei rett linje avgjort av ei likning

og a og b vert kalla linjekoordinatane til linja. Ei rett linje svarar altså til eit punkt (a, b) og omvendt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]