Plaine du Cul-de-Sac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Plaine du Cul-de-Sac (også kalla dépression de Cul-de-Sac) er eit lågland på øya Hispaniola. Det strekkjer seg frå den søraustlege delen av Haiti til den sørvestlege delen av Den dominikanske republikken, der det er kjent som Hoya de Enriquillo. Delar av låglandet var ein gong ei vik, og dei ligg difor under havnivået. Det rommar fleire saltsjøar, som Enriquillosjøen, Rincónlaguna og Caballerosjøen i Den dominikanske republikken og Etang Saumâtre og Trou Caïman i Haiti. Arelaet er på om lag 28 000 km².

Låglandet er i nord og sør avgrensa av høge fjell, i aust av Gonâvegulfen, og i aust går det inn i Den dominikanske republikken. Det er 32 km langt og 25 km breitt. Det har alltid vore drive mykje jordbruk i området. I kolonitida vart indigoplanta Indigofera tinctoria dyrka i området, men denne produksjonen minka etter kvart, og han gav plass til sukkerrøyrplantasjar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]