Planaria
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Planaria | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Platyhelminthes | |
| Klasse: | Turbellaria | |
| Orden: | Seriata | |
| Familie: | Planariidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Planariidae | ||
Planaria (Planariidae) er ein familie flimmerormar som lever i ferskvatn og er kjende for evna si til å regenerera mista kroppsdelar. Dei lever som regel krypande langs botnen ved hjelp av flimmerhår, men dei vert òg ofte funne på plantar.
Planaria er som regel mellom 3 og 12 mm lange og har tydelege augeflekkar som kan registrera lys og mørker. Dei er aktive predatorar som hovudsakleg lever av vasslopper og knott.