Planet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samanstilling av bilete av planetane i solsystemet vårt i same målestokk.

Ein planet er ein lekam som går i bane rundt ei stjerne under påverknad av gravitasjonskrafta hennar. Planetar må ha ein viss storleik for å kunna kallast planetar, og derfor reknar me som regel ikkje asteroidar eller kometar som verkelege planetar.

Planetane rundt sola[endre | endre wikiteksten]

Planetane me kjenner best er dei som kretsar rundt sola vår, men det finst òg planetar rundt andre stjerner. Astronomar oppdaga dei første slike planetane i 1990-åra, og i 2004 klarte dei å fotografere éin av dei for første gong. [1]

I vårt solsystem reknar ein med åtte planetar (ikkje medrekna Sedna og Pluto). Dei er, i rekkjefølgje frå inst til ytst:

  1. Merkur (☿)
  2. Venus (♀)
  3. Jorda (♁)
  4. Mars (♂)
  5. Jupiter (♃)
  6. Saturn (♄)
  7. Uranus (♅)
  8. Neptun (♆)

Andre planetar[endre | endre wikiteksten]

Astronomar har funne over 180 planetar i andre solsystem enn vårt eige. Som regel har ein funne desse planetane ved å sjå på korleis dei påverker morstjerna, men i april 2004 skjedde den første direkte observasjonen av ein lekam som truleg er ein planet. Med hjelp av det store teleskopet (Very Big Telescope) i Chile såg ein lekamen på infraraude bølgjelengder.

Planetkandidaten går rundt stjerna 2MASSWJ 1207334-393254, forkorta til 1207. Han er fem gonger så stor som Jupiter, og stjerna hans er ein brun dverg, ei lita og lyssvak stjerne. Han ligg òg 7,5 milliardar kilometer vekke frå dvergen, endå lenger enn Pluto er frå vår sol. Alt dette gjer det enklare for observatørar på jorda å sjå den moglege planeten.