Planetarion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Planetarion (ofte kalla PA) er eit vevspel sett til nettlesaren, for fleire spelarar imot og med kvarandre. Det vart skapt av Fifth Season AS tidleg i år 2000, og eigd og verta av Jolt sidan 2003. Spelarane får kontroll over ein planet, med evna til å mine omkringliggande asteroidar for ressursar, å konstruere ein flåte av romskip for å angripe andre spelarar sine system og å stele ressursane deira.

Målet med spelet er å få høgare poengsum enn motspelarane, noko ein får ved å stele asteroidar og å øydelegge flåtar. Spelarane kan velje mellom fem rasar, kvar med sine skip og fordelar. Etter nokre månader vert spelet avslutta, vinnarane erklærte og ein ny runde startar opp att. Då vert spelet oppdatert av Fifth Season.

Spelet vert oppdatert kvar time, i sjargongen kalla eitt 'tick'. Kvar aktivitet inni spelet, frå å bygge ein fabrikk til å angripe ein annan planet, tar ein del timar å gjennomføre. Ein får då berre ei lita tid på å reagere på andre spelarar sine invasjonar. På grunn av dette har det utvikla seg tette alliansar som samarbeider om vakthold av planetar og invasjonar.

Rasar[endre | endre wikiteksten]

Planetarion har no fem rasar som spelarane kan velje imellom, kvar med sine bonusar og forskjellig spelestil.

  • Terran (Ter): Terran er ei menneskeleg rase og brukar konvensjonelle våpen. Generelt favoriserer dei større og tyngre skip for krigføring.
  • Cathaar (Cat): Cathaar er ei humanoid katterase, som har avansert EMP teknologi. Våpenet er veldig effektivt, men ikkje dødeleg.
  • Xandrathii (Xan): Xandrathii er ei veldig avansert insektsrase som brukar små og raske skip som kan skjule seg. Den store skytekrafta deira, dei skjulte styrketala og den høge farten er balansert imot kor lett skipa deira går i sund.
  • Zikonia (Zik): Zikoniane er ei heller mystisk rase som ikkje mykje er visst om. Det er hevda dei er ein urgamal race kommen for å hevde dominans over universet. Andre seier dei er eit opprørsk avkom ifrå cathaarane. Dei har ein uvanleg evne til å stele fiendeskip.
  • Eitraide (Etd): Eitraidene er menneskje som har bestemt seg for å forlate heimplaneten og søke profitt heller enn krig. Dette har gjort dei til handelsmennene i universet, med større finansielle fordelar. Reisene deira har gjeve dei stor kontakt med andre rasar sin teknologi, noko som gjev arsenalet deira til ein miks av dei andre rasane.

[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]