Plankton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Plankton er ei felleskjenning for ulike organismar som lever drivande i dei opne vassmassane i hav, på fjordar og i vassdrag med ferskvatn. Ordet dekker ei form for livsførsel heller enn ei gruppe nærskylde organismar.

Dei fleste planktonorganismar er små, men dei er desto meir talrike. I ein liter havvatn finst det om lag 10-20 millionar individ. Mange reknar plankton som dei viktigaste livsformene på jorda, sidan dei er grunnleggjande i alle akvatiske økosystem.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Ordet «plankton» kjem frå gresk πλανκτος («planktos»), og tyder «vandrar» eller «ein som driv rundt». Nokre former for plankton er i stand til uavhengig rørsle og kan symja opp til fleire hundre meter vertikalt på eit døger, men den horisontale posisjonen deira er hovudsakleg avhengig av straumane i vatnet. Organismar klassifisert som plankton er per definisjon ikkje i stand til å motstå havstraumar. Det er dette som er hovudskilnaden på dei og andre pelagiske livsformer (som fisk, blekksprut, sjøpattedyr).

Organismar som tilbringar heile livet som plankton vert kalla holoplankton. Desse inkluderer mellom anna dei fleste algeartar, hoppekreps og salpar. Organismar som berre lever planktonisk i delar av livet (vanlegvis i larvestadiet) vert omtala som meroplankton. Døme på dette omfattar m.a. larvane til pigghudar, krepsdyr, marine makk og dei fleste fisk.

Studiet av plankton vert kalla planktologi.

Planktonøkologi[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis delar ein plankton inn etter trofisk nivå.

Etter dette systemet vert plankton delt inn i breie produsent-, konsument- og gjenvinnar-grupper. I røynda let ein del planktonartar seg ikkje plassera eintydig i nokon av desse kategoriane. Mange artar er både fotosyntetiske og heterotrofe, avhengig av miljøtilhøva i omgjevnadane.

Storleiksgrupper[endre | endre wikiteksten]

Hoppekreps er sannsynlegvis dei mest talrike dyra på kloten

Plankton vert ofte kategorisert etter storleik.

Gruppe Storleik (Tilnærma diameter) Viktige organismar
Megaplankton 2×10-1→2×100 m (20-200 cm) dyr; t.d. manetar
Makroplankton 2×10-2→2×10-1 m (2-20 cm) dyr; t.d. pteropodar
Mesoplankton 2×10-4→2×10-2 m (0.2mm-2 cm) dyr; t.d. hoppekreps
Mikroplankton 2×10-5→2×10-4 m (20-200 µm) store eukaryote protistar, små/unge dyr
Nanoplankton 2×10-6→2×10-5 m (2-20 µm) små eukaryote protistar
Picoplankton 2×10-7→2×10-6 m (0.2-2 µm) små eukaryote protistar, bakteriar
Femtoplankton < 2×10-7 m (< 0.2 µm) marine virus

Fleire av desse termane, særleg i den øvre delen av skalaen, vert nytta med mange forskjellige definisjonar og etter andre mål.

Planktongrupper frå nanonivå og mindre vart ikkje oppdaga før på 1980-talet, men forskarar reknar med at dei representerer dei største planktongruppene både i individ- og artsmangfald.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Plankton finst i vatn overalt på kloten. Kor mykje det er varierer derimot lokalt, både horisontalt, vertikalt og med årstidene. Variasjonen er for ein stor grad grunna i tilgang på lys. Alle planktonøkosystem er drivne av solenergi, noko som gjer at planktontettleiken er størst i overflateområda og i område med mykje sol.

Ein annan faktor er tilgang på næring. Mange tropiske og subtropiske havområde har mykje sol, men lite planktonproduksjon på grunn av knappheit på ressursar som nitrat, fosfat og silikat. Dette kjem av havstraumar og sirkulasjon i stor skala. I slike område skjer primærproduksjonen vanlegvis på djupare nivå enn andre stadar, om enn på eit redusert nivå på grunn av det knappe lyset.

Nokre område i havet er uproduktive sjølv om dei har høge konsentrasjonar av større næringsmolekyl. Feltstudium har vist at desse områda manglar jern, og at tilsetjing av dette kan føra til valdsame oppblømingar i somme typar planteplankton. Havet får jernet sitt hovudsakleg frå atmosfærisk støv på vassoverflata. Dette er grunnen til at havområde nær tørre og uproduktive landområde er så rike på planteplankton. Døme på dette er det vestlege Atlanterhavet, som får sandtilskot frå Sahara med vinden.

Somme har foreslått at å «planta» jern i hava kan føra til store nok planteplankton-oppblømingar til å hindra global oppvarming ved å minka CO2-nivået i atmosfæren. Om denne metoden er effektiv nok til å gje nokon tilstrekkeleg effekt er framleis langt frå sikkert.

Sjølv om plankton finst i størst mengder nær overflata, finst det oftast nokre av dei overalt i vatnet. På djupner utan primærproduksjon lever dyre- og bakterieplankton på organisk materiale som søkk frå dei meir produktive områda over seg. Etter kraftige oppblømingar ser ein difor vokster i planktonaktivitet òg langt under overflatenivået.