Planlegging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiskaa si framstilling av planprosessen

Planlegging som generelt omgrep handlar om å fastlegge kva som kan og skal gjerast i framtida og korleis det skal gjerast. Planlegging går føre seg i både privat og offentleg sektor. Omgrepet kan særleg knytast til den omfattande offentlege planlegginga som skjer på grunnlag av plan- og bygningslovar i svært mange land.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet planlegging gjeld både den målretta organisatoriske og den tankemessige prosessen for å kome fram til ein plan for noko ein ønskjer skal bli i framtida. Planen har som formål å vise ei anna utvikling enn den som ville ha blitt utan plan, og kan innebere endringar eller bevaring av ein eksisterande situasjon. Han kan gjelde både korleis løysinga skal bli og korleis gjennomføringa skal skje.

Planlegging kan gjelde små og store saker, og vere kortsiktig eller langsiktig, alt frå daglege gjeremål til private verksemders eller offentlege organs omfattande og langsiktige planlegging av bedrifts- eller samfunnsutvikling. Planlegginga kan vere sektoriell, knytt til avgrensa saksfelt, eller tverrsektoriell med formål å samordne fleire omsyn.

Ein skil mellom privat og offentleg planlegging. Privat planlegging har som formål å ivareta næringslivets og individuelle interesser. Offentleg planlegging har som formål å ivareta fellesskapets interesser. Eitt grunnleggande skilje er at næringslivet og enkeltpersonar ordinært ikkje tek fullt ut omsyn til konsekvensane av enkeltaktørars handlingar i sine vurderingar og val. Dermed må offentlege organ gripe inn ved samordning og reguleringar i tillegg til planlegging for offentleg verksemd for å sikre fellesskapets interesser. I økonomisk litteratur blir dette gjerne behandla ut frå behovet for å

  • unngå overutnytting av knappe fellesressursar,
  • sørgje for fellesgode og
  • ta omsyn til indirekte verknader av produksjon og konsum.

Implisitt i desse omsyna ligg

  • tidsperspektivet og målet om berekraftig utvikling, og
  • rimeleg fordeling av gode og ulemper mellom individ og grupper.

Desse omsyna ligg til grunn for den offentlege planlegginga me har i Noreg og dei fleste i-land, men med skilnader i lovgrunnlag, innhald og praktisering.

Offentleg planlegging[endre | endre wikiteksten]

Offentlege organ i dei fleste i-land driv omfattande planlegging som grunnlag for vedtak og politikkutøving på statleg, regionalt og lokalt (kommunalt) nivå. Det handlar både om sektorplanar for ulike politikkområde og sektorovergripande planar. Mange planformer er pålagde gjennom lovverket, ofte i form av sektorplanar for ulike offentlege organs verksemd. Andre planar har som primært siktemål å gje rammer og reglar for privat verksemd.

Med offentleg planlegging tenker ein i Noreg gjerne på den planlegginga som har grunnlag i plan- og bygningsloven. Denne loven dannar grunnlaget for den mest omfattande tverrsektorielle planleggingsinnsatsen i landet. Andre land har tilsvarande lovar for denne typen planlegging, for eksempel Lov om planlægning i Danmark, Plan- och bygglag i Sverige, Markanvändnings- och bygglag i Finland og Wet ruimtelijke ordening i Nederland. I England, som har vore viktig for utvikling av planleggingslovgjeving og -praksis i Noreg, bygger offentleg planlegging på fleire lovar.

Framveksten av norsk planlegging starta med nokre tidlege byplanar og bygningslovar for byane på 1800-talet, og har utvikla seg til dagens plan- og bygningslov som gjeld planlegging i alle landets kommunar og fylke.

Samfunnsplanlegging[endre | endre wikiteksten]

Plan- og bygningslovane legg opp til ei meir eller mindre omfattande sektor- og nivåovergripande planlegging som gjerne blir kalla samfunnsplanlegging. Denne planlegginga har eit heilskapleg siktemål og innhald, den er tverrfagleg og er retta mot utvikling i definerte geografiske område. Omgrepet blir særleg knytt til den offentlege planlegginga som skjer på ulike forvaltningsnivå. Etter den norske plan- og bygningsloven skal planlegginga omfatte den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i kommunar og regionar. Andre lands planlovar har oftast ikkje så omfattande siktemål, men er primært retta mot fysisk planlegging. Det meste av samfunnsplanlegginga i Noreg skjer i kommunal regi.

Det blir brukt ulike omgrep om ulike former for offentleg planlegging både i Noreg og internasjonalt. By- og regionplanlegging er eit tradisjonelt norsk omgrep for samfunnsplanlegging. Det tilsvarar omtrent det engelske Town and country planning. Byplanlegging rettar seg mot urbane område, og regionplanlegging mot større område. Under dette blir ulike omgrep brukte om ulike planleggingsformer alt etter formål og innhald. For eksempel kallar ein gjerne planlegging på kommunalt eller interkommunalt nivå for oversiktsplanlegging og planlegging i mindre område for detaljplanlegging. I Noreg har me oversiktsplanar på regionalt nivå, for kommunar og kommunedelar. Detaljplanlegging gjeld mindre avgrensa område, og er ofte nært knytt til konkrete bygg eller andre tiltak. Fysisk planlegging, som del av samfunnsplanlegginga gjeld dei fysiske omgjevnadene og omfattar bruk og utforming av areal, bygningar, anlegg, infrastruktur etc. Arealplanlegging og landskapsplanlegging, som delar av fysisk planlegging, rettar seg spesielt mot planlegging av bruk og utforming av areal.

Plantypar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste land som driv planlegging, har eit system med visse plantypar på ulike forvaltningsnivå. Det er vanleg at staten gjev meir eller mindre konkrete føringar og reglar for regional og kommunal planlegging. Mange land har planar på region- eller fylkesnivå, og dei fleste har krav om både oversiktsplan og detaljplan i kommunane.

I Noreg skal staten kvart fjerde år utarbeide Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, og kan bruke Statlege planretningslinjer (SPR), Statlege planbestemmelsar (SPB) og Statlege arealplan. Fylka skal utarbeide og vedta Regional planstrategi og Regional plan (eventuelt delplan), og kan vedta Regional planbestemmelse. Fleire land i Europa har Regionale utviklingsplanar eller -program. Dei norske kommunale plantypane er Kommunal planstrategi, Kommuneplan, eventuelt kommunedelplan, Områdereguleringsplan og Detaljreguleringsplan. To eller fleire kommunar kan samarbeide om planar for område eller spørsmål som går på tvers av kommunegrenser, og fylke, stat og kommunar kan samarbeide om løysing av felles oppgåver.

Planleggingsorgan i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det overordna ansvaret for planlegging etter planlovane ligg i eit departement. I Noreg har Miljøverndepartementet det overordna ansvaret. Blant anna Direktoratet for naturforvalting, Riksantikvaren, Klima- og forurensningsdirektoratet og Statens kartverk er underlagde Miljøverndepartementet.

Kommunal- og regionaldepartementet har ansvar for bygge- og gjennomføringsreglane i loven. Samfunnsplanlegging gjeld mange interesser og omsyn, og fleire departement og andre offentlege organ har dermed medansvar i planleggingsarbeidet.

I fylka har fylkestinget det overordna politiske ansvaret for planlegginga, og kan ha ulike organiseringar for den praktiske gjennomføringa av planarbeidet. Tilsvarande har kommunestyret det overordna politiske ansvaret for planlegginga i kommunane. Det er opp til kommunane korleis dei organiserer både politiske og administrative organ for det praktiske planarbeidet. Etter tidlegare lovar skulle det vere eit politisk vald bygningsråd, og seinare Det faste utvalet for plansaker. Mange kommunar har ennå slike politiske organ i praksis.

Planleggarutdanning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det er ingen norsk tradisjon for eiga profesjonsutdanning i planlegging slik som for eksempel i England og USA (planner). Utdanning i planfag er i Noreg knytt til ulike utdanningsinstitusjonar på universitets- og høgskolenivå. Planlegging har utspring i arkitekt- og ingeniørprofesjonane, opphavleg gjerne militære med teknisk kompetanse, og var opphavleg innretta mot fysisk planlegging. Såleis var utdanning i planlegging tradisjonelt ein del av arkitektutdanninga og bygningsingeniørutdanninga, særleg ved tidlegare Noregs tekniske høgskole (NTH), nå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og landskaps- og jordskifteutdanninga ved tidlegare Noregs landbrukshøgskole, nå Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB). I tillegg gav fleire ingeniørhøgskolar fag innan fysisk planlegging. Den fyrste utdanninga i byplanlegging i Noreg kan knytast til arkitektutdanninga ved NTH, og var sterkt prega av Sverre Pedersen som var professor frå 1920 til 1954.

Planleggingas omfang og innhald har endra og utvida seg gjennom tidene, og også andre fagområde har ein naturleg plass i planlegginga, for eksempel økonomi og geografi, og det blir gjeve planleggingsrelevant utdanning ved fleire universitet og høgskolar:

  • Institutt for byforming og planlegging ved Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU gjev planleggingsundervisning i arkitekt- og bygningsingeniørutdanninga. Instituttet har eit toårig masterprogram i fysisk planlegging og eit i byøkologisk planlegging. Instituttet er det eldste utdanningsmiljøet i by- og regionplanlegging i landet.
  • Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap utdannar planleggarar og landskapsarkitektar. Dette er det største fagmiljøet i by- og regionplanlegging i Noreg.
  • Ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) kan studentane fordjupe seg i urbanisme.
  • Universitetet i Stavanger har eit femårig masterstudium i byutvikling og urban design.
  • Universitetet i Tromsø har bachelor- og masterprogram i samfunnsplanlegging og kulturforståing.
  • Høgskulen i Voldahar bachelorprogram i planlegging og administrasjon og masterprogram i samfunnsplanlegging og leiing.

Norsk planleggingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkelen for dette emnet er Norsk planleggingshistorie.

Utviklinga av norsk planlegging har ein fagleg og ein politisk dimensjon som heng saman. Frå tidleg planlegging med grunnlag i bygningslovar for byar på 1800-talet blei perspektivet utvida frå reint fysisk byplanlegging til fysisk-økonomisk planlegging også i landkommunane med bygningsloven av 1965, og vidare til ei omfattande samfunnsplanlegging med plan- og bygningslovane av 1985 og 2008. Planlegging blei særleg frå 1930-talet ein reiskap i politikken for utvikling av velferdssamfunnet og distriktsutbygginga. Frå 1965 blei oversiktsplanlegging introdusert i loven med generalplan i kommunane og regionplan for fleire kommunar, i 1973 erstatta av fylkesplan. Generalplanen blei i 1985 erstatta av ein meir omfattande kommuneplan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aarsæther, N. og Hagen, A. (red. 2001) Planlegging.no! Oslo: Kommuneforlaget.
  • Fiskaa, H. (2012) Fysisk detaljplanlegging. Trondheim: Institutt for byforming og planlegging, NTNU
  • Langdalen, E. (1994) Arealplanlegging. Form, funksjon, fellesskap. Oslo: Universitetsforlaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]