Plantasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teplantasje i Malaysia

Ein plantasje er ei større landbrukseining der oftast berre éin vekst vert dyrka, og i stor stil. Dette vert også kalla monokultur eller monokultivering. Døme på plantasjeplanter er kaffi, sukker, te, tobakk, bomull, gummipalmar, frukttre osb.

Som plantasje reknar ein vanlegvis store landbrukseiningar i tropane og subtropane som, i tillegg til å ha spesialisert seg på éin type vekst eller éin type husdyr, utnyttar billeg lokal arbeidskraft. Spesialisert produksjon i stor skala og billeg arbeidskraft bidreg sterkt til at produkt som til dømes bananar og appelsinar er lågprisprodukt i den rike delen av verda.

Plantasjane finst i fyrste rekkje i Latin-Amerika, det sentrale og sørlege Afrika og Søraust-Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]