Planteskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Førsteårs granplantar (Picea abies) i Alstahaug planteskole

Ein planteskole er ei verksemd for produksjon av fleirårige tre og buskar.

Planteskolane leverer mellom anna granplantar til skogbruket. Granplantane til skogbruket vert oftast leverte som eitt- eller toårige pluggplantar med rotklump. Nokre planteskolar leverer òg tre-, fire- eller femårige barrotplantar. Femårige plantar under nemninga 2/3 har stått to år i såseng før dei har vorte omprikla og stått 3 år på friland før dei er tatt opp for utplanting i skogen.

Moderne planteskolar har veksthus med klimakontroll og kjølelager for lagring av plantar som er klare for levering. Til skogbruket vert plantane oftast leverte i pakningar med 300 eller 500 plantar.

Norske skogplanteskolar[endre | endre wikiteksten]

Den første norske planteskolen vart etablert i Sandnes i 1868, og sidan vart det etablert planteskolar i Farsund 1876, Molde 1878, Steinkjer og Saltdal i 1880, Bodø i 1887, Hamar i 1890, Sjønningsdalen, Trondheim 1899, Namsos og Horten i 1900 og på Hitra i 1900. Frå århundreskiftet gjekk ein i skogbruket meir over til bledningshogst, og såing og planting vart mindre bruka. Plantinga i skogstroka vart då minimal, om lag 10 millionar for året i kyststroka, 5 millionar i dei tradisjonelle skogstroka. Mens den årlege planteproduksjonen i kyststrøka kunne liggje på ca 10 millionar planter, var talet for skogstrøka ca 5 millionar.

Med skoglova av 1932 vart det kulturplikt, og etter kvart fekk bestandsskogbruket innpass. Etter krigen kom plantetalet opp i 20 millionar plantar for året. Talet steig jamnt til det i 1964 nådde toppen med over 100 millionar plantar utsett på om lag 350 000 dekar.

I Noreg er det no nær tjue skogplanteskolar, fordelte over heile landet, som forsyner det norske skogbruket med skogplantar.[1] Dei fleste norske planteskolane er eigd av eit eit fylkesskogselskap; nokre få er i privat eige.

I 1991 leverte norske skogplaneskolar 62 millionar skogplantar til utplanting. Dei siste åra har plantetalet lege rundt 20 millionar for året, utplanta på 120 000 dekar.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]