Platå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bogotá i Colombia ligg på eit over 2 600 meter høgt platå.

Platå (frå fransk plateau) er ei topografisk neming for eit jamnt, vidstrekt område som er høgare enn området rundt. Omgrepet blir vanlegvis brukt om høgsletter, altså høgland som er forma som platå, men kan også visa til isplatå, undersjøiske platå og liknande. Landformer knytt til platå er platåfjell, bordfjell og restfjell.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Det tibetanske platået, også kjend som «verdas tak», er det største platået på jorda.[1] Det er skapt av kollisjonar mellom den indo-australske kontinentalplata og den eurasiske kontinentalplata.

Hardangervidda i Noreg er det største høgfjellsplatået i Europa.[2]

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

«Platå» kan også visa til ein tjukk skosåle som løfter foten til beraren frå underlaget, som i platåsko og andre typar sko.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Platå

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rasoul Sorkhabi1, Allison Macfarlane, Jay Quade, «“Roof of the Earth” Offers clues about how our planet was shaped», Eos, Transactions American Geophysical Union, Volume 77, Issue 40, pages 385–387, 1 October 1996 DOI: 10.1029/96EO00264
  2. Hardangervidda, snl.no; Hardangervidda nasjonalpark, naturarv.no
  3. Adéle Cappelen Blystad, «Til høsten er det sålen som gjelder» (2. mai 2013), kk.no; Tone Ruud Engen, «Ikke frykt stilettene med platå» (13. mai 2012), kk.no