Plategrense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plategrenser

Ei plategrense er grenseområdet mellom to jordskorpeplater. Ein deler plategrensene inn i tre hovudtypar.

  1. Spreiingsakse, eller konstruktiv eller divergent plategrense. Skjer der to plater glir frå kvarandre i havet. Slike plategrenser er knytte til havbotnspreiing og midthavsryggar. Desse kan skape små vulkanar og grunne jordskjelv.
  2. Kollisjonssone, eller destruktiv eller konvergent plategrense. Skjer der to plater glir mot kvarandre og anten skapar ein subduksjonssone (om ei plate glir under ei anna, som t.d. vestlege Sør-Amerika) eller ved kollisjon melom platene. Djuphavsgroper knytte til desse grensene når ei plate glir under ei anna, medan fjellkjeder som Himalaya og Alpane er skapt av kollisjon mellom to plater.
  3. Transformforkasting. Skjer der to litosfæriske plater glir forbi kvarande langs ei forkasting. Ingen av platene vert skapt eller øydelagd. Kraftige jordskjelv kan oppstå langs forkasting. San Andreas-forkastinga i California er eit døme på ei slik plategrense.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]