Plateprodusenten Patrick McCarthy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Patrick (Pat) McCarthy er ein plateprodusent frå Dublin i Irland som har arbeidd med fleire rock- og alternativ rockartistar, som The Waterboys, Counting Crows, R.E.M. og U2. I 1998 erstatta han Scott Litt som R.E.M. sin produsent, og han var med på albuma Up, Reveal og Around the Sun, i tillegg til filmmusikkplata Man on the Moon. I 2007 vart det kunngjort at det var Jacknife Lee som skulle produsere det 14. studioalbumet til R.E.M., Accelerate i staden for McCarthy. McCarthy har også miksa Madonna-albumet Ray of Light (1998).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]