Plavnikovyjeøyane

Koordinatar: 74°10′N 85°15′E / 74.167°N 85.250°E / 74.167; 85.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plavnikovyjeøyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Plavnikovyjeøyane
74°33′04″N 85°29′09″E / 74.551111111111°N 85.485833333333°E / 74.551111111111; 85.485833333333
Wikimedia Commons: Plavnikovye Islands
Plasseringa til Mininaskjera. Plavnikovyjeøyane ligg i den sørlege delen av denne øygruppa.

Plavnikovyjeøyane (russisk острова Плавниковые; Ostrova Plavnikovyje) er ei øygruppe aust i Karahavet utanfor kysten av Sibir i Krasnojarsk kraj i Russland. Øyane er dekte av tundravegetasjon og har mange innsjøar og myrområde. Dei er dekte av snø og is det meste av året.

Den største av Plavnikovyjeøyane er Pestovyjøya og Kruglyjøya. Dei fleste av øyane ligg mindre enn 10 km frå kysten av Tajmyrhalvøya, men enkelte, som Vardropperaøya, ligg lenger ute til havs. Den austlege delen av øyane, inkludert Kosterina og Pestsovyj, vert òg kalla Vkhodnyjeøya.

Plavnikovyjeøyane ligg sør for den vesle Kolosovykhhalvøya. Geologisk er dei ein del av Mininaskjera, ein kompleks formasjon som inkluderer Kolosovykhøyane lenger nord. Denne øygruppa ligg mellom 73° 15' og 74° 40' N og mellom 84° og 86° 30' E.

Havet omkring Plavnikovyjeøyane er dekt av fast is om vinteren og klimaet er særs hardt. Sjølv om sommaren er det pakkis i havet omkring.

Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Plavnikovyjeøyane må ikkje forvekslast med Plavnikovyjøya (Ostrov Plavnikovyy) utanfor vestkysten av Severnaja Zemlja som òg ligg i Karahavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

74°10′N 85°15′E / 74.167°N 85.250°E / 74.167; 85.250