PlayStation 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Offisiell logo for PlayStation 4.

PlayStation 4 (offisielt forkorta som PS4) er ein komande spelekonsoll frå Sony Computer Entertainment. Han vart avduka 20. februar 2013 under ein pressekonferanse som etterfylgjaren til PlayStation 3 og er venta til å bli lansert i fjerde kvartal 2013.

PlayStation 4 vil vera den fyrste spelekonsollen frå Sony til å stø x86-64 prosessor-arkitektur, og beveger seg dermed bort fra Cell-arkitekturen som var i PlayStation 3. Bakgrunnen for dette skal vera å gjera det lettare å utvikla dataspel for den nye konsollen, og med det trekkja til seg fleire dataspelutviklarar. Andre viktige spesifikasjonar til maskinvara er 8 GB minne av type GDDR5 og raskare Blu-Ray-lesar.

Av nye applikasjonar og tenester planlegg Sony å gje ut ein PlayStation App, som lèt eigarar av PS4 bruke smarttelefonar og nettbrett som sekundær skjerm for å utvide moglegheitene når ein speler. Selskapet planlegg også å lansera Gaikai, ei nettsky-basert teneste som kan tilby spel og innhald som kan lastast ned frå internett. I tillegg aukar fokuset på sosial speling ved å implementera ein dedikert knapp for deling av innhald på handkontrollen, som mellom anna kan dela innhald frå dataspel mellom vener.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: PlayStation 4