Plazović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plazović
elv
Land  Serbia,  Ungarn
Lengd 129 km
Kjelde Ved Bokodi-Kígyós-csatorna og Mátételke-Kígyós-csatorna i Ungarn
Munning Veliki Bački-kanalen
Kart
Plazović
45°47′11″N 18°59′10″E / 45.786388888889°N 18.986111111111°E / 45.786388888889; 18.986111111111
Wikimedia Commons: Plazović

Plazović eller Kiđoš (på serbisk, kyrillisk Плазовић) eller Kígyós (på ungarsk) er ei elv sør i Ungarn og nord i Serbia, som renn innanfor regionen Bačka. Ho har ei lengd på 129 km, og på eit berre 15 km langt stykke kryssar ho grensa mellom dei to landa åtte gonger. 92 km av elva renn i Ungarn, medan 37 km renn i Serbia.

Kigyós har opphav i Ungarn frå to elvar. Den eine, Bokodi-Kígyós-csatorna, har igjen utspring frå to mindre elvar vest for byen Baja. Den eine av desse har sitt utspring ved landsbyen Rém og den andre ved Borota. Elvane renn saman ved Felsőszentiván, og renn sørover. Den andre elva, Mátételke-Kígyós-csatorna, har utspring nord for landsbyen Tataháza. Denne elva renn nesten over den serbiske grensa før ho snur vestover. Aust for Katymár, like før dei kryssar grensa til Serbia, møter dei to elvane kvarandre og etter dette møtet vert elva hovudsakleg kalla Plazović.

I Serbia renn elva ut i kanalen Veliki Bački (Велики бачки канал, 'Store Bačka kanal').

Kjelder[endre | endre wikiteksten]