Please Mr. Postman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Please Mr. Postman»
Singel av The Marvelettes
frå albumet Please Mr. Postman
Utgjeve 21. august 1961
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 1961
Sjanger Soul/pop
Lengd 2:31
Selskap Tamla T 54046
Låtskrivar(ar) Georgia Dobbins, William Garrett, Brian Holland, Robert Bateman, Freddie Gorman
Produsent Brianbert (Brian Holland & Robert Bateman)
The Marvelettes-kronologi
--- «Please Mr. Postman» «Twistin' Postman»
(1961)
«Please Mr. Postman»
Singel av The Carpenters
frå albumet Horizon
B-side «This Masquerade»
Utgjeve 8. november 1974
Innspelt 1974
Sjanger Pop
Lengd 2:50
Selskap A&M 1646
Produsent Richard og Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi
«I Won't Last a Day Without You»
(1974)
«Please Mr. Postman» «Only Yesterday»"
(1975)

«Please Mr. Postman» var debutsingelen til The Marvelettes for Tamla (Motown) og den første Motown-songen som nådde førsteplassen på Billboard Hot 100-lista i USA. Singelen klarte dette seint i 1961. Songen vart igjen ein hit i 1975 og nådde toppen av same liste, denne gongen med The Carpenters, .

Tidleg i 1961 prøvespelte The Marvelettes (då kalla «The Marvels») for Berry Gordy og Tamla/Motown. Marvels-medlem Georgia Dobbins trong ein original song for prøvespelinga og fekk ein bluessong av venen William Garrett, som ho så omarbeidde for gruppa. Dobbins forlet gruppa etter prøvespelinga og vart erstatta. Gordy signerte ein kontrakt med gruppa og leigde inn «Brianbert»—Brian Holland og Robert Bateman—for å skrive om songen ein gong til. Freddie Gorman var òg involvert i omskrivinga.

Songen vart spelt inn med The Funk Brothers som backingband, inkludert Marvin Gaye på trommer.

«Please Mr. Postman» har vorte spelt mange gonger av andre band, mellom anna The Beatles på albumet deira With the Beatles frå 1963. Her er han sunge av John Lennon. Seinare vart songen ein hitt for The Carpenters, som igjen førte songen til toppen av singellista i USA tidleg i 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]