Please Stay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Please Stay
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Light Years
B-side

«Santa Baby»
«Good Life»

Utgjeve 11. desember 2000
Innspelt Dublin i Irland
Sjanger Dansepop
Lengd 4:08
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Kylie Minogue
Richard Stannard
Julian Gallagher
John Themis
Produsent Richard Stannard
Julian Gallagher
Kylie Minogue-kronologi 
«Kids»
(2000)
Please Stay «Your Disco Needs You»
(2001)


«Please Stay» er ein dansepopsong skriven av den australske songaren Kylie Minogue saman med Richard Stannard, Julian Gallagher og John Themis til det sjuande albumet hennar, Light Years (2000).

Utgjeving og listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart utgjeven som den fjerde singelen frå albumet vinteren 2000, og produsert av Richard Stannard og Julian Gallagher. Songen selde over 35.000 eksemplar i Australia, og fekk jamt over positive anmeldelser frå kritikarar. «Please Stay» hadde moderat suksess over heile verda.

I Australia nådde songen femtandeplassen på hitllista og vart sertifisert gull. Songen nådde nummer 69 i Nederland, men fall på nummer 77 i neste veke. Songen nådde nummer 47 på Sverigetopplistan og vart der i tre veker. Singlen nådde tiandeplassen på UK Singles Chart, men gjekk ikkje vidare og heldt på hitlistene i sju veker. Songen hadde ikkje like mykje suksess som dei to føregåande singelane.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Please Stay» er ein dansepopsong i latin pop-stil.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike formata av singelutgjevingar av «Please Stay» og spora på dei:

CD-singel 1
  1. «Please Stay» – 4:08
  2. «Santa Baby» – 3:25
  3. «Good Life» – 4:07
CD-singel 2
  1. «Please Stay» – 4:08
  2. «Please Stay» (7th District Club Flava Mix) – 6:33
  3. «Please Stay» (Hatiras Dreamy Dub) – 7:02
  4. «Please Stay» (Video)
Europeisk CD 1
  1. «Please Stay» – 4:08
  2. «Santa Baby» – 3:25
  3. «Good Life» – 4:07
  4. «Please Stay» (Video)
Europeisk CD 2
  1. «Please Stay» – 4:08
  2. «Santa Baby» – 3:25
  3. «Please Stay» (Video)

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 15
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 10
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 13
Nederland (Mega Single Top 100) 69
Slovakia (IFPI) 16
Spania (PROMUSICAE) 39
Sverige (Sverigetopplistan) 47
Storbritannia (UK Singles Chart) 10

Sertifisering[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering
Australia (ARIA) Gull[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Australian Recording Industry Association. «2000 Accreditations». ARIA Charts. Henta 31. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]