Pledging My Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pledging My Love
av Johnny Ace
B-side

«No Money»

Språk engelsk
Utgjeve 1955
Sjanger R&B
Lengd 2:35
Selskap Duke
Komponist Ferdinand Washington, Don Robey
Tekstforfattar Ferdinand Washington, Don Robey
Låtskrivar(ar) Ferdinand Washington, Don Robey
Produsent Johnny Otis
Johnny Ace-kronologi 
«Never Let Me Go»
(1954)
Pledging My Love «Anymore»
(1955)


«Pledging My Love» er ein bluesballade skriven av Ferdinand Washington og Don Robey og publisert av 1954.

Temaet i songen er fanga i tittelen og opningslinjene:

Forever my darling, my love will be true,
Always and forever, I'll love just you,[1]

Johnny Ace[endre | endre wikiteksten]

Den mest populære innspelinga av songen vart gjort av Johnny Ace.[1] Han vart gjeven ut av Duke Records i 1955, kort tid etter Ace skaut seg sjølv i ei ulukke. Ace-versjonen nådde 17. plassen på Billboard-lista og låg ti veker på toppen av R&B-lista.[2]

Innspelinga vart produsert av Johnny Otis, som òg spelte vibrafon på songen og hadde med bandet sitt.

Ace-versjonen vart nytta fleire gonger i filmen Christine frå 1983, regissert av John Carpenter og skriven av Stephen King om ein 17 år gammal gut som er besett av ein 1958 Plymouth Fury. Songen kan òg høyrast i Back to the Future (1985) då Lorraine Baines sit i bilen med den framtidige sonen sin Marty McFly. Songen er med i filmen Bad Lieutenant og ein annan Harvey Keitel-film, Mean Streets.

Paul Simon skreiv ein song kalla «The Late Great Johnny Ace» for albumet Hearts and Bones. Tidleg i 2000-åra song «Pledging my Love» på nokre av konsertane sine og fortalte publikum at det var den første plata han nokon gong kjøpte.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av Teresa Brewer (Coral Records) og The Four Lads (Columbia Records). Brewer-versjonen nådde 17. plassen på poplista i 1955.[3]Cash Box's Best-Selling Record-lista, der alle versjonane er kombinert, nådde songen 11. plassen.

Seinare versjonar nådde òg listene, som versjonen til Roy Hamilton (45. plassen på Billboard og 51. plassen på Cash Box i 1958) og Johnny Tillotson (Cadence Records, 63. plassen på Billboard og 73. plassen i 1960).

Percy Sledge gav ut ein singel med «Pledging My Love» i 1967 i Tyskland og Storbritannia.

Jay and the Americans gav ut ein versjon i 1969 på albumet Sands of Time.

I 1972 var songen med på eit dobbelt konsertalbumet av Jerry Lee Lewis, Live in London.

I 1971 gav Kitty Wells ut «Pledging My Love» på singel og nytta han som tittelsongen på eit album. Versjonen hennar nådde 49. plassen på countrylsita i USA, men 19. plassen i Canada.

I 1973 spelte Diana Ross og Marvin Gaye inn songen på albumet Diana & Marvin.

I 1976 hadde Delbert McClinton med songen på albumet Genuine Cowhide. Roy Orbison spelte òg songen på I'm Still in Love with You.

Songen vart spelt inn av Elvis Presley seint i karrieren hans, og det er med på albumet Moody Blue frå 1977, det siste albumet Presley gav ut før han døydde same året.

David Allan Coe gav ut ein versjon av songen.

I 1983 gav Emmylou Harris ut ein versjon av songen på albumet White Shoes, og gav han ut på singel. Singelen nådde niandeplassen på countrylista.

I 1986 gav Aaron Neville ut ein versjon av songen på EPen Orchids In The Storm.

I 1993 gav Solomon Burke ut ein versjon av songen på albumet Soul Of the Blues.

I 1994 gav bluessongaren Little Milton ut denne songen på albumet I'm A Gambler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gilliland, John (1969). «Show 4 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 2]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 22. 
  3. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]