Pleyelkrysset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pleyelkrysset

Kart
Pleyelkrysset
48°55′14″N 2°20′40″E / 48.92055556°N 2.34444444°E / 48.92055556; 2.34444444

Pleyelkrysset i Saint-Denis i Frankrike, i strøket Saint-Denis-sletta, ligg i nærleiken av Saint-Ouen.

Krysset har fått namn etter pianoprodusenten Pleyel, som tidlegare hadde ein fabrikk på denne staden. I dag er Pleyelkrysset midtpunktet i eit foretningsstrøk.

Saint-Denis-fabrikken til pianoprodusenten Pleyel vart grunnlagt i 1807.
Alt i 1922 var Pleyel-fabrikken isolert av vegar ...

Infrastrukturen dominerer[endre | endre wikiteksten]

Pleyelkrysset har hatt metrosamband til Paris heilt frå 1952; stasjonen heiter sjølvsagt Carrefour Pleyel (Pleyelkrysset).

Fleire store motorvegar, som RN 14 og RN 410, og A86 møtest i Pleyelkrysset og trafikkauken har ført til store problem for området. I 2000 vart krysset ombyggd for å redusera trafikkproblema, men resultatet er omstridt, både hjå innbyggarane i området og mellom trafikantane.

Eit framlegg for å betra miljøet går ut på å bygga ei stor «bru» over den nordgåande jarnbanejinja, med plass til eit bustadområde, for å binda saman eit område som er isolert av jarnbaelinja med resten av Saint-Denis-sletta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]