Plinius den eldre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaius Plinius Secundus (23/24–79), meir kjent som Plinius den eldre, var ein romersk forfattar, offiser og embetsmann. Han var morbroren til Plinius den yngre.
Som soldat tenestegjorde Plinius mellom anna i Germania og Spania. Han var i Roma frå 72, og var i 79 flåtesjef i Misenum ved Napolibukta. Då Vesuv-utbrotet som øydela Pompei og Herculaneum tok til la han ut på ein utkikks- og hjelpeekspedisjon, der han døydde, ifølge dei som var med han av giftige gassar frå utbrotet.
Plinius skreiv store historieverk, eitt om germanarkrigane i 20 bind og ein samtidshistorie i 31, som var viktige kjelder for historikaren Tacitus. Det 37 bøker lange Naturalis Historia ('Naturlære') er derimot bevart.
[endre] Kjelder