Plogbein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knoklar og brusk i naseskiljeveggen, sett frå høgre side. Plogbeinet er merka nede til venstre.

Plogbeinet eller plogskjerbeinet (lat. vomer) er ein upara knokkel i hovudskallen. Den ligg langs midtsagittalplanet og artikulerar med kilebeinet, silbeinet, dei høgre og venstre ganebeina, samt dei høgre og venstre overkjevebeina. Plogbeinet formar den bakre delen av naseskiljeveggen, og den fremre delen er forma av silbeinet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Illustrated Anatomy of the Head and Neck, Fehrenbach and Herring, Elsevier, 2012, side 52
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.