Ploiești

Koordinatar: 44°56′24″N 26°1′48″E / 44.94000°N 26.03000°E / 44.94000; 26.03000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ploieşti)
Ploiești
Gammalt herskapshus i Ploiești, no museum
Gammalt herskapshus i Ploiești, no museum
Gammalt herskapshus i Ploiești, no museum
Byvåpenet til Ploiești
Byvåpenet til Ploiești


Plassering
Ploiești is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Prahova
Grunnlagd 1596
Borgarmeister Andrei Volosevici
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

58,2 km²
787.8 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

180 540
  3 102,1 /km²
Koordinatar 44°56′24″N 26°1′48″E / 44.94000°N 26.03000°E / 44.94000; 26.03000
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 100000
Retningsnummer (tlf) +40 02 44
Bilnummer PH
Nettstad: www.ploiesti.ro

Ploiești (/plo'jeʃtʲ/, eldre namn Ploești) er ein by i Romania. Han er fylkeshovudstad i Prahova fylke og ligg i den historiske regionen Valakia, 56 km nord for București. Byen har om lag 180 000 innbyggjarar og er den niande største i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oljetankar i brann i Ploiești etter at byen vart bombardert under Operation Tidal Wave i august 1943

Byen vart grunnlagd i 1596 under styret til Mihai Viteazul (Mikael den modige). På 1600- og 1700-talet blømde byen raskt som eit senter for handel og handverk. Vegsambandet mellom Ploiești og Brașov opna i 1864 og jernbanen kom til byen i 1882. Mange skular og sjukehus vart bygd i byen på denne tida.

Midt på 1800-talet var Ploiești-region eit av dei leiande oljeutvinning og raffineriområda i verda. Byen er òg kjend som åstad for den sjølvtittulerte Republikken Ploiești, eit kortvarig opprør i 1870 mot Kongedømet Romania. I mellomkrigstida auka den lokale industrien særleg innan raffinering av petroleum. Store oljeselskap, dei fleste av dei utanlandske, starta verksemder i byen. I 1939 var det til dømes 12 raffineri i Ploiești som produserte 80% of den totale petroleumsmengda i Romania.

Sjølv om byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1940, vart byen den viktigaste oljekjelda for Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen, då Romania var alliert med Tyskland. Sidan han låg relativt langt unna flyplassar vart ikkje Ploiești bombardert av dei allierte før 1943, då US Air Force sette i gang Operation Tidal Wave frå Nord-Afrika den 1. august. 178 bombefly av typen B-24 Liberator bombarderte alle raffineria og byen vart den mest utbomba i heile Romania under krigen. Det meste av skadane vart derimot raskt reparert. I april 1944 utførte dei allierte fleire avgjerande åtak frå flybasar i Italia. Til slutt vart byen erobra av sovjetiske troppar i august 1944.

Etter krigen vart nasjonaliserte det nye kommunistregimet oljeindustrien, som til då stort sett hadde vore på private hender, og investerte store mengder i olje- og petroleumsindustrien for å modernisere landet og minimere skadane etter krigen.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Ploiești innanfor Prahova fylke

Ploiești er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Busetnad Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Ploiești 209 945 180 540

Storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Ploiești, bykommunane (oraș) Băicoi, Boldești-Scăeni og Bușteni (oraș) og dei ti mindre kommunane (comună) Ariceștii Rahtivani, Bărcănești, Berceni , Blejoi, Brazi, Bucov, Dumbrăvești, Păulești, Târgșorul Vechi og Valea Călugărească.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]