Plomme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plomme på treet
Grøne 'Reine Claude'-plommer.

Plomme (prunus domestica) er ei steinfrukt glatt skal og søtt fruktkjøtt som veks på fleire tre i slekta Prunus. I tillegg til å etast som dei er, kan plommer tørkast til svisker og blir elles brukt til sylting og i bakverk. Dei plommeberande plantane kjem opphavleg frå Vest-Asia, men blir i dag dyrka over heile verda. Ein kjenner i dag til over 2 000 sortar plommer.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Plomma er rund eller oval i forma og storleiken kan variere mykje mellom dei ulike sortane, dei største kan bli like store som eit lite eple. Frukta har eit tynt skal som godt kan etast sjølv om det smakar beiskt. Fargen på plomma varierer mellom grøn, gul, raud, blå eller sjatteringar av desse. Plomma har ein stor stein i midten, og hos nokre varianter heng fruktkjøtet fast i steinen, mens hos andre sortar slepp steinen lett. Fruktkjøtet er saftig og aromatisk.

Plomma blir hausta i Noreg i august til september.

Best lagringstemperatur er 0–4 °C.

Plomme i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • Ruth Gerstätter
  • Early Laxton
  • Rivers early prolefic
  • Czar
  • Prune Peche
  • Renie Claude d'Ouillins
  • Reine Claude noire
  • Mallard
  • Washington
  • Althanns
  • Victoria
  • Reine Claude grøn
  • Jefferson
  • Opal
  • Herman
  • Tråne

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

Plomme er kalorifattig og verkar mageregulerande. Plomme inneheld ein del A-vitaminar, kalsium og jern.

Kvalitetskrav[endre | endre wikiteksten]

Plomma skal vere heil, utan sprekker, mørke flekkar eller annan skade. Frukta skal vere tørr og skalet glatt. Plomma skal vere utan støytskadar og mugg. For at smaken skal vere best, må frukta ikkje vere hausta for tidleg.

Kor haldbar ei plomme er, avheng av kvar frukta er i modningsprosessen. Moden plomme er særs lite haldbar, er plomma mindre moden, kan ho halde seg lenger.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]