Plutomånen Kharon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Plutomånen Charon)
Gå til: navigering, søk
Kharon
A Moon over Pluto (Close up).gif
New Horizons-bilete som viser Kharon (ytst) og Pluto i bane kring det sams massesenteret
Oppdaging
Oppdagar James W. Christy
Oppdaga dato 22. juni 1978
Baneparametrar
Store halvakse 19 405 km
Eksentrisitet 0,0
Omløpsperiode 6 d 9 t 18 min
Banehelling 99,089 °
Er ein satellitt til Pluto
Fysiske eigenskapar
Middeldiameter 1186 km
Masse 1,90·1021 kg
Middeltettleik 2,24 g/cm3
Overflategravitasjon 0,368 m/s2
Rotasjonsperiode 6 d 9 t 18 min
(bunden)
Aksehelling ukjend
Albedo 0,37
Atmosfære ingen

Kharon, Karon eller Charon (småplanetnemning (134340) Pluto I) er ein av dei fem kjende månane til dvergplaneten Pluto. Medan Pluto er dekt av frosen nitrogen, trur ein Kharon er dekt av vanleg vassis.

Kharon går rundt Puto på eitt plutodøger, som tar 6,387 jorddøger. Dei to objekta er i bunden rotasjon med kvarandre, slik at dei alltid har den same sida vendt mot kvarandre.

Kharon har ein diameter på 1.172 km, såvidt halvparten av storleiken til Pluto. Massen er 1/7 av den til morplaneten. På grunn av den vesle forskjellen mellom dei to, kallar mange astronomar dei ein dobbelplanet heller enn ein planet og ein måne.

Kharon er kalla opp etter ferjemannen Karon, som frakta folk til Hades eller Pluto sitt dødsrike i gresk og romersk mytologi. På engelsk vert gjerne namnet uttala med ein sj-lyd heller enn ein k-lyd av di oppdagaren James Christy eigentleg namnsette Kharon etter kona si Sharon.

Fargbilete av Kharon (nedst og til venstre) og Pluto teke av New Horizons