Plutomånen Hydra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hydra
Plutonian system.jpg
Ein kunstnar førestiller seg Hydra (forgrunnen),
Pluto og Charon (bak),
og Nix (lyspunkt til venstre for midten)
Oppdaging
Oppdaga av Romteleskopet Hubble
Pluto Companion Search Team 
Oppdagingsdato juni 2005
Banedata
Store halvakse(a) 68 780 ± 90 km
Eksentrisitet (e) 0,005 ± 0,001
Omløpsperiode (P) 38,206 ± 0,001 d
Banehelling(i) 0,22° ± 0,12°
Satellitt av Pluto
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 61 − 167 km
Masse 5×1016 − 2×1018 kg
Tettleik ukjend
Rotasjonsperiode ukjend
Aksehelling ukjend
Albedo 0,04 − 0,35 (anteke)
Tilsynelatande størrelsesklasse 22,9 til 23,3
Overflatetemperatur 33-55 K
Atmosfære ingen

Hydra (òg referert til som S/2005 P 1, Pluto III og 134340 III) er den ytste naturlege satellitten til dvergplaneten Pluto. Han vart oppdaga i lag med Nix i juni 2005 av Pluto Companion Search Team ved hjelp av bilete tekne av romteleskopet Hubble.

Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga månane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjorde 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete frå 2002 kunne bekrefta at månane fantes. Månane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2.

Sjølv om storleiken til Hydra ikkje har vorte måla direkte, gjev kalkulasjonar baserte på lysstyrke ein diameter på mellom 61 og 167 km. Det minste estimatet er gjeldande dersom reflektiviteten til Hydra er lik Charon sin, og det største om han er like dei mørkaste kuiperbelte-objekta.

Hydra vil i lag med resten av plutosystemet verta vitja av romsonden New Horizons i juli 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]