Plymouth
|
Plymouth |
||
|---|---|---|
| Plymouth Hoe sett frå sjøen | ||
| Kallenamn «Spirit of Discovery» |
||
| Motto «Turris fortissima est nomen Jehova» (Namnet Jehova er det sterkaste tårnet) |
||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Devon | |
| Bystatus | 1928 | |
| Borgarmeister | Mary Aspinall | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
79,29 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2009 est.) - folketettleik |
256 700 3 237,5 /km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 155 moh | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | PL | |
| Nettstad: www.plymouth.gov.uk | ||
Plymouth (City of Plymouth) er ein by i Devon i det sørvestlege England ved grensa til Cornwall, der elvane Plym og Tamar munnar ut i det 5 km lange Plymouth Sound, som er verna av ein lang molo. Han voks opp omkring Plymouth hamn, som er ei av dei beste naturlege hamnene i verda. Byen har kring 250 000 innbyggjarar.
Byen er ei viktig flåtenamn med stort marineverft. Her finst maskinverktøy-, instrument-, næringsmiddel- og kjemisk industri. Handel og fiske er òg viktig for økonomien i byen. Byen har ein marinbiologisk stasjon og ein katolsk katedral, samt ein citadell frå 1666. Festningsverka i byen går attende til 1300-talet.
Byen er omtalt som Sudstone på 1000-talet. Hamna vart tidleg sentrum for Royal Navy, noko som både har ført til at han voks kraftig, og i Elizabeth-tida var han den fremste hamna i landet. Det var frå her Sir Francis Drake la ut på jordomseglinga si i 1577. Byen er òg kjent som stader der pilegrimane forlét England med Mayflower for å reise til Den nye verda i 1620. Marinebasen i byen førte òg til at byen vart sterkt skadd av bombinga til Luftwaffe under andre verdskrigen. Byen vart gjenoppbygd etter ein plan av arkitekten Patrick Abercrombie. Marinebasen er den største i Vest-Europa, og ein av dei få gjenverande i Storbritannia.
Plymouth har sidan 1914 òg omfatta byane Devonport og Stonehouse.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Plymouth» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2011.
- Store norske leksikon, snl.no, «Plymouth»
Bakgrunnsstoff[endre]