Plystrarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plystrarar


Rustbukplystrar, Pachycephala rufiventris
Rustbukplystrar, Pachycephala rufiventris

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pachycephalidae
Vitskapleg namn
Pachycephalidae
Swainson, 1831

Plystrarar er ein biologisk familie, Pachycephalidae, av små til mellomstore sporvefuglar. Familienamnet plystrarar inkluderer små slekter av pitohuiar og plognebb i tillegg til 46 artar med fellesnamnet plystrar på norsk. Medlemmene er små til medium i storleik, og har utbreiing i mesteparten av Australasia. Australia og Ny-Guinea ligg i sentrum av mangfaldet, men artar og slekter når òg New Zealand, dei sørlege Stillehavsøyane så langt som til Tonga og Samoa og delar av Asia så langt vest som India.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Plystrarar har leveområde i skogshabitat, dei fleste artane lever i regnskogen, særleg innanfor utbreiingsområdet i Asia og Ny-Guinea, men australske artar finst i eit breiare spekter av habitat, inkludert skog, tørre kratt og mangroveskog. Nokre artar er avgrensa til eit bestemt økosystem, medan andre er meir allsidige og kan leve i ei rekkje ulike naturtypar.

Plystrarar er kraftige fuglar med sterke nebb, og gruppa var ein gong kjent som tjukkhovud grunn av den store runde hovuda til mange artar. Fjørdrakta er raudbrun, brun, eller grå hos dei fleste artar. Likevel har nokre artar, spesielt gullplystrar og dei næraste slektningane, lyse fjørdrakter. Eit meir uvanlege trekk ved denne familien er toksin funne i fjører på nokre av Pitohui-artane.[1] Desse giftstoffa er truleg for vern mot parasittar og kan òg tene til å åtvare rovdyr frå å ta fuglane.

Plystrarar er insektetande, plukkar insekt av blad, greinar eller nedfallsblad. Medan insekt utgjer storparten av dietten, beitar dei òg på edderkoppar, ormar, tusenbein, sniglar, og små krabbar, av større artar små virveldyr som froskar, gekkoar og fugleungar. Generelt engasjerer dei seg ikkje i å jage byttedyr i flukt, i staden søkjer dei med nebbet og plukkar bytte. Berre nokre få artar er trekkfuglar, dei fleste attverande er standfuglar i tropiske miljø.[2]

Lite er kjent om forplantingsbiologien for storparten av familien, det ein har av kunnskap kjem frå ei lita mengd australske artar og dei tre Mohoua-artane på New Zealand. Dei er monogame og generelt hekkar dei parvis, men hekkegrupper har vore registrert hos nokre artar.

Fleire artar som høyrer til denne familien er framståande songarar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Den nøyaktige avgrensinga av familien er usikker, til dømes slekta Mohoua, som er endemisk til New Zealand, har vore plassert i denne familien basert på ei rekkje morfologiske eigenskapar og studiar i DNA-DNA-hybridisering, men plasseringa er framleis kontroversiell.[3] Plystrarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Slekt Eulacestoma

  • Plognebb, Eulacestoma nigropectus, Wattled Ploughbill, LC, De Vis, 1894

Slekt Falcunculus

  • Borkplystrar, Falcunculus frontatus, Crested Shrike-tit, LC, Latham, 1801

Slekt Colluricincla

  • Rustpitohui, Colluricincla ferruginea, Rusty Pitohui
  • Lysbukpitohui, Colluricincla incerta, White-bellied Pitohui
  • Lauvplystrar, Colluricincla megarhyncha, Rufous Shrike-Thrush, LC, Quoy & Gaimard, 1830
  • Sotplystrar, Colluricincla umbrina, Sooty Shrike-Thrush, LC, Reichenow, 1915
  • Sandstein(s)plystrar, Colluricincla woodwardi, Sandstone Shrike-Thrush, LC, Hartert, 1905
  • Kvittygleplystrar, Colluricincla harmonica, Gray Shrike-Thrush, LC, Latham, 1801
  • Kanelplystrar, Colluricincla boweri, Bower's Shrike-Thrush, LC, Ramsay, 1885

Slekt Melanorectes

Slekt Coracornis

Slekt Pachycephala

Slekt Mohoua[6]

  • Kvithovudmohua, Mohoua albicilla, Whitehead, LC, Lesson, 1830
  • Gulhovudmohua, Mohoua ochrocephala, Yellowhead, EN, Gmelin, 1789
  • Pipipi, Mohoua novaeseelandiae, Pipipi, LC, Gmelin, 1789

Slekt Rhagologus

  • Vatreplystrar, Rhagologus leucostigma, Mottled Whistler, LC, Salvadori, 1875

Slekt Oreoica

  • Bjelleplystrar, Oreoica gutturalis, Crested Bellbird, LC, Vigors & Horsfield, 1827

Slekt Aleadryas

Slekt Ornorectes

  • Toppitohui, Ornorectes cristatus, Crested Pitohui

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dumbacher JP, Beehler BM, Spande TF, Garraffo HM, Daly JW (1992). «Homobatrachotoxin in the genus Pitohui: chemical defense in birds?». Science 258 (5083): 799–801. doi:10.1126/science.1439786. PMID 1439786. 
  2. Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 201. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2007). «Family Pachycephalidae (Whistlers)». Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ss. 374-437. ISBN 978-84-96553-42-2. 
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  6. Frå september 2014 i versjon 6.9 er slekta monotypisk i ein ny familie Mohouidae (Clements et al 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]