Plystreskjor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plystreskjor

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Samsonvale Cemetery, SE QueenslandFoto: Tom Tarrant
Bilete frå Samsonvale Cemetery, SE Queensland
Foto: Tom Tarrant

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cracticidae
Slekt: Gymnorhina
Art: G. tibicen
Namn på andre språk
  • Engelsk: Australian Magpie
  • Bokmål: Plystreskjære
Vitskapleg namn
Gymnorhina tibicen

Plystreskjor (Gymnorhina tibicen) er ein mellomstor svart og kvit sporvefugl med opphavleg leveområde i Australia og sørlegaste Ny-Guinea. Som medlem av slaktarfuglfamilien er han nært knytt til slaktarfuglar i slekta Cracticus.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvitrygga form på Tasmania, hannfugl til venstre, hofugl til høgre
Foto: KeresH

Vaksne plystreskjorer er ein ganske robust fugl som måler 37-43 cm i lengd, veg ca. 350 gram,[1] med karakteristisk svart og kvit fjørdrakt, gullbrune auge og eit solid kileforma bleikt nebb med svart nebbtupp. Det er no anerkjent ni underartar av plystreskjorer, og det er to fargevariantar, ein med svart rygg og ein med kvit rygg. Førstnemnde forma har kvitt bakhovud og nakke, her er hoene gråspraglete. I sistnemnde form har hannar eit meir utbreidd kvitt område på ryggen, hoene er fint gråspraglete på dette området på ryggen.[1] Elles er kjønna like. Plystreskjorer brukar mykje tid på bakken der dei har nytte av dei lange beina. Skildra som ein dei mest kjente songfuglane i Australia, har plystreskjorer ei rekkje komplekse vokaliseringar, noko som òg er reflektert i det norske artsnamnet.

Plystreskjorer er altetande, med hovuddelen av det varierte kosthald består av virvellause dyr. Dei er generelt standfuglar og territoriale gjennom heile utbreiingsområdet. Som vanleg og vidt distribuert, har dei tilpassa seg godt til menneskeleg busetjing og er ein kjent fugl i parkar, hagar og jordbruksområde i Australia og på Ny-Guinea. Plystreskjorer vart introduserte på New Zealand i 1860, men har seinare blitt skulda for å fortrenge innfødde fuglar og er no handsama som eit skadedyr.[2] Introduksjonar skjedde òg på Salomonøyane og Fiji, der fuglane ikkje blir rekna som ein invasiv art.

Våren i Australia er skjorsesongen, og når eit lite mindretal av hekkande plystreskjorer, nesten alltid hannar, rundt om i landet blir aggressive, så stup dei og åtar menneske og dyr som nærmar seg reirplassen, inkludert sykkelryttarar. Plystreskjorer blir ofte mata av menneske rundt om i Australia, og er maskot i fleire australske sportslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 heather og Robertson, 2005
  2. «Site led pest animals » Magpies». Greater Wellington Regional Council. 16 March 2011. http://www.gw.govt.nz/magpies/. Henta 31. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Plystreskjor