Pnoepyga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pnoepyga


Skjelsmettimal, Pnoepyga albiventerFoto: J.M.Garg
Skjelsmettimal, Pnoepyga albiventer
Foto: J.M.Garg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pnoepygidae
Slekt: Pnoepyga
Artar
  • Sjå teksten
Vitskapleg namn
Pnoepyga
Hodgson, 1844

Pnoepyga er ei biologisk slekt av fire artar sporvefuglar endemisk til sørlege og søraustlege Asia. Slekta har lengje vore plassert i timalfamilien Timaliidae. Ein DNA-studie i 2009 av fuglar frå familiane Timaliidae og Sylviidae fann inga støtte for plasseringa av Pnoepyga-slekta i nokon familie, og forfattarar gav derfor framlegg om å oppføre slekta i ein ny monogenerisk familie, Pnoepygidae.[1]

Denne litle slekta har ei vid utbreiing i høgtliggjande delar av Sør- og Søraust-Asia. Skjelsmettimal er funnen i fjellområda i Nord-India austover til sørlege Kina og det nordlege Vietnam. Pnoepyga formosana er endemisk til Taiwan, og tilsvarande nepalsmettimal, har ein utbreiing avgrensa til hovudsakleg Nepal og litt inn i India. Den mest utbreidde arten er dvergsmettimal, som lever frå Kina og India sørover gjennom Søraust-Asia ut mot den malaysiske halvøya og Indonesia så langt som til Flores og Timor.[2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Pnoepyga i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]

Clementslista og andre autoritetar har kalla desse fuglane for Cupwings,[5] eit mogleg nytt norsk namn på gruppa kan derfor bli 'koppvenger', til dømes skjelkoppveng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gelang, Magnus; Cibois, Alice; Pasquet, Eric; Olsson, Urban; Alström, Per; Ericson, Per G. P. (2009). «Phylogeny of babblers (Aves, Passeriformes): major lineages, family limits and classification». Zoologica Scripta 38 (3): 225–236. doi:10.1111/j.1463-6409.2008.00374.x. 
  2. Collar, N. J. & Robson, C. 2007. Family Timaliidae (Babblers) pp. 70 - 291 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 2. desember 2011 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  5. Oppslag på nettstad hos Avibase

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pnoepyga